Tilbake til aukra.kommune.no

Folkehelseoversikt Aukra kommune

Vedteke i kommunestyremøte den 13. juni 2024, sak PS-33/24.

Om planen

Bakgrunnen for denne oversiktsrapporten er at kommunane og fylkeskommunen gjennom Folkehelselova av 2012 har plikt til å ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar folkehelsa.

I folkehelselova §1 står det at «Formålet med denne loven er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeidet skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve og førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.»

I følgje lova skal også kommunane setje i verk tiltak og samordne folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte og leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Oversikt og informasjon om helsetilstanden i kommunen skal vere grunnlag for alle sektorar sitt ansvar for og arbeid med folkehelsa både på kort og lang sikt.

Plandokument

Folkehelseoversikt Aukra kommune 2024

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Dekorativt element