Tilbake til aukra.kommune.no

Forskrift om namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Aukra kommune - offentleg høyring

Frist for merknader: 14. desember 2021

Melding om offentleg høyring

Namneutvalet har i sitt møte 25. oktober 2021, sak 2/21, vedteke å leggje ut Forskrift om namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Aukra kommune til høyring og offentleg ettersyn i seks veker.

Bakgrunn

Aukra kommune si gjeldande adresseforskrift vart vedteken av kommunestyret den 29. mars 2012, sak 29/12. Aukra kommune ønskjer no å revidere denne forskrifta slik at den vert betre tilpassa både dagens situasjon og tilrådingane frå Kartverket, som vart oppdatert i juli 2021.

Samstundes er det ønskeleg å gjere tydeleg administrasjonen si oppgåve som adressemynde og namneutvalet si oppgåve som namnemynde.

Merknader

  • Merknader til høyringsutkastet skal sendast til kommunen innan 14. desember 2021, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Høyringsutkast - Forskrift om namnsetting, adressering og adresseforvaltning
Gjeldande adresseføresegn for Aukra kommune

 

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

A_Symbol_gronn_gronn