Tilbake til aukra.kommune.no

Forskrift om nedgravne oljetankar - offentleg høyring

Frist for merknader: 19. desember 2021

Melding om offentleg høyring

Drift- og arealutvalet har i sitt møte 24. november 2021, sak 8/21, vedteke å leggje ut Forskrift om nedgravne oljetankar i Aukra kommune til høyring og offentleg ettersyn i fire veker.

Bakgrunn

Frå 1. januar 2021 vart fyring med mineralolje for å varme opp bustader og andre bygg forbode. Det ligg framleis mange av desse tankane att. Nedgravne oljetankar frå tidlegare oljefyring utgjer ei aukande kjelde for forureining av grunn. Miljødirektoratet oppmodar alle kommunar om å fastsetje ei lokal forskrift for å gje alle tankeigarar føreseielege krav og for å lette saksbehandlinga for kommunen.

Merknader

  • Merknader til høyringsutkastet skal sendast til kommunen innan 19. desember 2021, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedlegg)
Forskrift om nedgravne oljetankar - høyringsutkast
Forureiningsforskrift kapittel 1

 

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

A_Symbol_gronn_gronn