Forslag om utvida vern av Smågevatnet naturreservat - Høyring
Offentleg høyring
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legg forslag om utvida vern av Smågevatnet naturreservat ut på samordna lokal og sentral høyring. Det utvida verneområdet vert kalla Småge naturreservat. Frist for merknader er 18. september 2026.
Kvifor vern?
Området ved Småge omfattar ei av dei best skjøtta kystlyngheiane i regionen, klassifisert som svært høg verdi (A-verdi) og er nasjonalt referanseområde for nordvestnorsk kystlynghei. Kjerneområdet, eksisterande vern av Smågevatnet er det største ferskvatnet i kommunen, eit viktig våtmarksområde for fugl. Utvidinga vil omfatte omkringliggande kystlynghei og hekkeholmar utgjer det nye naturreservatet, eit variert og samanhengande landskap med stor verdi for biologisk mangfald, friluftsliv og kulturhistorisk skjøtsel. Føremålet med utvidinga er å sikre viktige og trua naturverdiar som i dag er svakt representert i eksisterande verneområde, særleg kystlynghei, i tillegg til våtmark og tilhøyrande dyreliv.
Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype, avhengig av aktiv skjøtsel som beite og lyngbrenning. Utvida vern skal bidra til langsiktig og føreseieleg forvaltning av denne naturtypen.
Kva inneber forslaget?
Verneforma vert vidareført som naturreservat, den strengaste verneform etter naturmangfaldlova, og verneområdet blir utvida til å omfatte både land- og sjøareal, totalt om lag 5 000 dekar. Vernet skal ta vare på kystlynghei av nasjonal verdi, våtmarksområde, marine hekkeområde som er viktige leveområde for fugl, insekt og anna dyreliv.
Bruk og aktivitet i området
Målet er å kombinere vern og bruk. Beite, skjøtsel, jakt og fiske kan halde fram innanfor rammer i forskrifta og anna lovverk. Området er også delvis statleg sikra friluftsområde, og enkelt friluftsliv kan fortsette, samstundes som enkelte restriksjonar blir foreslått av omsyn til sårbart fugleliv, særleg i hekkeperioden. Det vert opna for naudsynt unntak knytt til samferdsel, energi, tryggleik og eksisterande infrastruktur.
Merknader til planforslaget
Merknader til planforslaget skal sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 18. september 2026.
Du kan sende høyringssvaret ditt per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no. Merk e-posten med “2024/5984 Høyring av utvida vern ved Smågevatnet naturreservat”.
Kontaktpersonar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Ola Betten, e-post ola.betten@statsforvalteren.no og telefon 71 25 84 76
- Hege Steigedal, e-post hege.steigedal@statsforvalteren.no og telefon 71 25 84 80
Saksdokument
- Forslag om utvida vern av Smågevatnet naturreservat, Aukra kommune i Møre og Romsdal
- Forskrift om vern av Småge naturreservat, Aukra kommune, Møre og Romsdal
- Kart over Smågevatnet naturreservat, datert mai 2026
Teknisk informasjon
Nedst i denne artikkelen står det ei setning om at høyringsperioden er avslutta og at det ikkje lengre er mogleg å gje uttale på denne planen. Setninga har tekniske årsaker og du kan sjå bort i frå ho. Høyringsfristen er 18. september 2026 og du kan sende høyringssvaret ditt til og med denne datoen.
Prosess, medverknad og vidare saksgang
Varsel om oppstart blei kunngjort hausten 2024. Statsforvaltaren har hatt tett dialog med Aukra kommune, grunneigarar og ulike statlege etatar og fått inn åtte merknader, mellom anna frå fylkeskommunen, Kystverket, Fiskeridirektoratet og Kartverket. Merknadene er vurdert og har ført til justeringar i avgrensing, forskrift og namn på verneområdet.
Etter høyringa vil Statsforvaltaren samanstille og vurdere innspel og utarbeide endeleg verneframlegg. Så vert saka sendt vidare til Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet, før det blir fatta endeleg vedtak om vern ved kongeleg resolusjon.

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.