Tilbake til aukra.kommune.no

Høyring: Alkoholpolitisk plan 2023-2027 og Forskrift om sals,- skjenke- og opningstider 2023-2027 for Aukra kommune

Alkoholloven pålegg kommunane å utarbeida ein alkoholpolitisk handlingsplan (jf. § 1-7 d). I tillegg er det anbefalt at kommunen har ei eiga forskrift som regulerer sals-, skjenke- og opningsider. 

Alkoholpolitisk handlingsplan for Aukra kommune 2023-2027, samt forskrift om sals-, skjenke- og opningstider er vedteke lagt ut til høring. Høyringsfristen er sett til ein månad etter formannskapet si behandling av høyringa, altså innan 5. april 2024. 

Merknader til handlingsplanen og forskriften

  • Merknader skal sendast til kommunen innan 5. april 2024.
  • Det er mogleg å laste opp vedlegg i tilbakemeldingsmodulen nedanfor. 

Saksdokument: 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Aukra kommune bør ha samme salgstider som vår nabokommune, Molde kommune. Link nedenfor.

    https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2020-09-17-1792?q=Salgstider%20for%20alkoholholdig%20drikk%20gruppe

    For å unngå handelslekkasje til vår nabokommune bør Aukra endre sine salgstider slik at de blir like som Molde kommune sine tider. Nedenfor er et utdrag fra Molde kommune sine salgstider. Ber om at Aukra kommunestyre gjør tilsvarende vedtak for Aukra, så dette er mitt forslag til endring

    Hjemmel: Fastsatt av Molde kommunestyre 17. september 2020 med hjemmel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 3-4 annet ledd og § 4-4 annet og tredje ledd.

    § 1.Salgstider for alkoholholdig drikk gruppe 1–2 (fastsatt med grunnlag i alkoholloven § 3-4a andre ledd)
    - Hverdager kl. 08.00–20.00
    - Lørdager kl. 08.00–18.00
    - Dagen før søndag og helligdager kl. 08.00–18.00
    - Dagen før 1. mai og 17. mai kl. 08.00–20.00​*
    - Onsdag før Kristi himmelfartsdag kl. 08.00–20.00
    - Pinse-, påske-, jul- og nyttårsaften kl. 08.00–18.00
    - Salg på valgdagen er tillatt.
    Salgsbevilling for en enkelt anledning følger salgstiden fastsatt av denne forskrift.

    * 1. og 17. mai betegnes som høytidsdager og ikke helligdager. Ordinær salgstid dagen før er til kl. 20.00 så fremt det ikke er en lørdag.

    2024-04-05 14:08:09
    [Svar]  Link
  • Vi vil gjerne kommentere nokre av punkta i høyringsutkastet.

    PUNKT 10 - Gebyr
    Her meiner vi at forslaget gjer det vanskelegare for oss og andre frivillege organisasjonar å gjennomføre arrangement på Aukra Kulturhus. Forslaget rammar i stor grad oss som ofte har arrangement med alkoholservering for fleire enn 150 personar. Vi meiner at det kan godt vere eit todelt gebyr, men at det bør vere eit skilje som går på kor mange vi kan ta inn på huset. Det vil seie at skiljet bør gå på arrangement over 600 stk. Vi foreslår at gebyret kan vere 500,- som foreslått for arrangement under 600 stk., og så eit større beløp for arrangement over. Dei einaste arrangementa som vil vere over 600 stk. er i hovudsak av typen Aukradagen, då vi òg kan ha ope ute.


    PUNKT 4.1 - Kommunen sitt viktigaste val av verkemiddel...

    I tabellen står det
    "Idretts- og fritidsarrangement som er retta mot barn, unge og familiar kan berre skje i alkoholfrie soner. Saksbehandlar av søknad om sals- og skjenkeløyve skal sikre at det er tilfredsstillande skilje mellom alkoholfrie og alkoholhaldige soner for at alkoholhaldige arrangement kan skje i same tidsrom som arrangement for barn, unge og familiar. Det skal etterstrebast at slike arrangement ikkje skal skje i same tidsrom."

    Her trur vi det meinast at *søkjar* skal "sikre at det er tilfredsstillande skilje mellom alkoholfrie og alkoholhaldige soner [...]", og så kan saksbehandlar godkjenne dei tiltaka søkjar fremjar.

    I tillegg ser vi at dette punktet vil ofte påverke arrangement på Kulturhuset som foregår fredagar, sidan dette er fast tid for ungdommane på huset. Er det mogleg at f.eks. ungdommane har ein fast fredag der dei ikkje er på Kulturhuset men i eit anna lokale, slik at det er lettare å sørgje for at det blir eit godt skilje mellom ungdomsarrangementet og eit ev. alkoholhaldig arrangement på huset?

    2024-04-01 18:31:30
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Framsidebilde