Tilbake til aukra.kommune.no
Frist for merknader: 14. november 2024

Høyring - Skolereglar Aukra kommune

Bakgrunn

Frå hausten 2024 fekk Noreg ei ny opplæringslov. I den nye lova står det at kommunen skal lage skolereglar. Skolereglar er det same som fram til no har vorte kalla "ordensreglement". Elevar, lærarar, foreldre, føresette og alle andre i Aukra kommune kan få seie si meining om forslag til nye reglar fram til 14. november.

Merknader til høyringsutkastet

  • Merknader til høyringsutkastet skal sendast til kommunen innan 14. november 2024, og vi ber om at de fortrinnsvis nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Forslag til alternativ ordlyd i forslaget til skolereglar i § 2: "Reglane gjeld for deg som er elev ved ein av skolane i Aukra kommune."

    Til § 14 2. avsnitt: Den nye opplæringslova nyttar ikkje omgrepet "foreldreråd". Lova nyttar derimot omgrepet "arbeidsutval som er valt av foreldra", dvs. det som i dag er "FAU" (foreldrerådet sitt arbeidsutvalg).

    2024-10-23 13:48:22
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Dekorativt element