Tilbake til aukra.kommune.no

Klima- og miljøplan 2030 for Aukra kommune - offentleg høyring

Frist for merknader: 15. november 2021

Om planen

Klima- og miljøplan 2030 for Aukra kommune er ein kommunedelplan og består av tre dokument:

  • Plandokument
  • Mål og strategi
  • Handlingsdel

For å oppnå hovudmålsettingane om reduksjon av klimagassutsleppa til Aukra kommune, og bevaring av biologisk mangfald og natur- og kulturmiljø, er det formulert overordna mål (visjonar), strategiar og tiltak. Desse er bygd på dei seks satsingsområda frå kommuneplanen sin samfunnsdel:

  • Haldningsskaping
  • Klimatilpassing
  • Miljøvennleg transport
  • Energibruken i kommunale bygg
  • Forbruk og avfall
  • Berekraftig naturforvalting og biologisk mangfald

Aukra kommune sine visjonar for 2030

  • Alle i Aukra kommune tek miljø- og klimavennlege val
  • Aukra kommune er eit klimatilpassa og trygt lokalsamfunn
  • Aukra kommune har redusert energibruken i alle kommunale bygg og brukar fornybare energikjelder og utsleppsfri energi
  • Innbyggjarane i Aukra reiser med miljøvennleg transport
  • Alle i Aukra kommune har redusert mengda avfall, og auka graden av gjenbruk og gjenvinning
  • Aukra kommune har eit rikt natur- og kulturlandskap

Merknader til søknaden

  • Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 15. november 2021, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
  • Det er muleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokument finn du nedst i artikkelen.

Saksdokument

Høyringsbrev
Plandokument
Mål og strategi
Handlingsdel

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Vedlagt som fil er mitt høyringssvar.

    2021-11-15 21:17:49
    [Svar]  Link
  • Gossen Idrettslag (GIL) stiller seg bak klima og miljøplan 2030. GIL mener att frivillige lag og organisasjoner er for lite omtalt i planen. Vi som ansvarlig organisasjon ønsker å bidra til godt klima og miljø rundt våre aktiviteter. Og ønsker att klima og miljøplanen er ett hjelpemiddel for å oppnå det.

    2021-10-21 08:20:01
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Klima- og miljøplan - bilete