Tilbake til aukra.kommune.no

Klima- og miljøplan for Aukra kommune 2020-2030 - melding om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram

Høyringsfrist 19. desember 2019

Melding om oppstart

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12, har formannskapet i møte den 4. november 2019, sak 99/19, vedteke oppstart av arbeid med Klima- og miljøplan for Aukra kommune 2020-2030.

Høyring av planforslaget

I medhald av plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13, har formannskapet i møte den 4. november 2019, sak 99/19, vedteke å leggje planprogram til Klima og miljøplan for Aukra kommune 2020-2030 ut til høyring og offentleg ettersyn. planprogrammet vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i seks veker, i perioden 8. november 2019 - 19. desember 2019.

Merknadar til planen

  • Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 19. desember 2019, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
  • Det er muleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokument finn du nedst i artikkelen.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Planprogram - Klima og miljøplan for Aukra kommune 2020-2030

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Utdrag frå rådet for likestilling av funksjonshemma sin møteprotokoll sak 26/19:

    Vedtak
    Punkt 5.1
    • Rådet mener punkt 5.1 er tynt og etterlyser en mere detaljert plan som har fokus på fremtidens krav til næringsliv og miljøtiltak.

    • «Sikring av friareal og turvegar». Kommunen må ha tilbud som er universelt utforma for turstier og markedsføre dette.

    Punkt 5.4
    • Rådet mener at kommunen bør sette en avdeling/admin for å være ansvarlig kontaktperson for befolkningen. Egen miljørepresentant

    2019-12-05 10:13:00
    [Svar]  Link
  • Ormen Lange-anlegget på Nyhamna er den største utsleppskjelda til luft i kommunen. I planen bør ein få med talfakta for årleg utslepp til luft av ulike gassar og partiklar frå anlegget.
    Det er alt for lettvint å påstå i plandokementet at dette er det ikkje råd å gjere noko med.Kommunen burde gå i dialog med eigarane/drivarane med mål om å redusere dei m.a. store utsleppa av klimagassar.

    2019-12-04 15:06:41
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Kleivhaugen