Tilbake til aukra.kommune.no
Frist for merknader: 14. august 2026

Kommunedelplan for naturmangfald - Melding om planoppstart og høyring av planprogram

Melding om planoppstart

Aukra formannskap har i møte den 8. juni 2026, sak PS-31/26, vedteke å starte opp arbeid med kommunedelplan for naturmangfald med heimel i plan- og bygningslova § 11-1 tredje ledd og § 11-12. Forslag til planprogram vert samstundes lagt ut til høyring i åtte veker med heimel i plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13.

Om kommunedelplanen for naturmangfald

Planen skal samle og systematisere eksisterande kunnskapsgrunnlag om naturmangfaldet i kommunen gjennom innhenting av informasjon frå tilgjengelege kjelder, supplert med nye naturkartleggingar i planlagde utbyggingsområde. Vidare skal arbeidet bidra til å identifisere kunnskapshol, og slik danne grunnlag for ein handlingsdel med aktuelle tiltak for å betre tilhøva for naturtypar, artar og økosystem. Planen skal bidra til å setje naturmangfald på dagsorden og skape eigarskap til viktige naturområdet i kommunen.

Planprogrammet skildrar korleis kommunen skal utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald. Det skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, tema som skal vurderast, prosess for medverknad, framdriftsplan, og behovet for eventuelle utgreiingar. Planprogrammet skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn samstundes med at det vert varsla oppstart av planarbeidet.

Merknader til planforslaget 

  • Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 14. august 2026, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen

Saksdokument

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Dekorativt element