Kulturmiljøplan 2023-2027 for Aukra kommune - Offentleg høyring
Frist for merknader: 14. april 2023
Offentleg høyring
Kulturmiljøplan 2023-2027 for Aukra kommune vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 9. mars 2023 til 14. april 2023.
Om planen
Kulturminne og kulturarv interesserer færre og færre ser det ut til. Dei unge er langt inne i den digitale verda, og museum og “gamle ting” vert kjedeleg. Kanskje er det greitt? Tidene endrar seg, og dei siste 50 åra har det skjedd ei veldig rask og omfattande utvikling på dei fleste område. Vi må følgje med i utviklinga og ikkje vere til hinder for alt det nye som skjer. Vi må ikkje henge fast i det gamle, men sjå framover. Alle kan vere einige i det. Men kanskje kan vi tenke både og? Både det gamle og det nye. Den franske filosofen Simone Weil seier:
“ Hvis man ikke kjenner fortiden, forstår man ikke nåtiden og egner seg ikke til å forme fremtiden.”
Det som var er altså viktig for det som skal bli. Det gir meining og bakgrunn for ein kommunal kulturmiljøplan, som skal formidle kunnskap om kulturminne og kulturmiljø Aukra kommune har, og skissere tiltak for vern, skjøtsel og bruk av desse. Kunnskap om kulturminne og kulturmiljø og formidling av kunnskapen er også ein viktig del av vernet og bruken av kulturminnet.
Merknader til planforslag
- Frist for å kome med merknadar er 14. april 2023. Vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp relevante vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Saksdokument
Kulturmiljøplan 2023-2027 - høyringsutkast
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Løvikremma Kystgard, bør ha et naust med maritime aktiviteter som kan være i forbindelse med kurs og konferanser. Det bør også være en mulighet for bespisning og toaletter. Dette for også gjøre Løvik Kystfort sammen med Løvikremma Kystgard attraktiv for turister. For å få turister og den lokale befolkningen til å oppleve Aukras flotte natur. Tanken bak dette er for å fremme at Løvika var en sentral plass under krigen. Det bør være en historisk guide som tar hånd om dette. Mvh Svein Erik Nautnes
Aukra historielagInnspel til kulturmiljøplana:
Aukra sogenemndVi i sogenemnda har drøfta moglegheita om å få etablert museum i Aukra. Vi meina at det trengs eit museum her, for kulturhuset kan ikkje dekke funksjonane som eit museum har. Vi foreslår at Aukraheimen kan nyttast til ei slik formål
Vi i Løvik kystfort ønsker et annet bygg til å huse krigsminnesamlingen for å gjøre den mer tilgjengelig. For eksempel å tilrettelegge utstillingslokaler, forsamlingslokaler, toalett og kjøkken i nærheten av Løvik kystfort. Dette vil også gjøre fortet mer tilgjengelig.
Løvik kystfortIdeen om et formidlingsnaust tilknyttet Løvikremma burde videreutvikles.
Hilsen
Styret i Løvik kystfort.
Av forståelege årsaker så har ikkje Orten og Lyngværet kommet med i Kulturminneplanen for 2023-2027. Dette må det so klart rettas opp i.
Odd Arve OrtenLyngværet var fiskevær heilt til tidleg 1900, har hatt ei naturleg havn, tidlegare stor aktivitet innan fiskeri og har ei lang historie. Det er i dag 4 gamle bolighus og 3 yngre på øya.
Stor steinvarde (sjømerke) på Ystæna.
Flatflesa fyr, bygd 1902.
Orten eit svært gamalt naustmiljø i havna der det i dag står igjen 3 av 4 gamle naust. Det står ellers 3 andre gamle naust på øya
Det er ein registrert gravhaug på garden Bakken.
Det er historia og utgravingsstaden til Ortagamma som vart utgravd i 1908. Her burde det vore satt opp skilt som fortalde om dette funnet.
Me har ein steingard som deler øya i innmark og utmark.
Orten skule, vart tatt i bruk til skuleåret 1920. Siste skuleår vart 1996
Fleire eldre våningshus, sikkert registrert i SEFRAk.
Dette er no berre i stikkords form. Me må sjå på korleis det skal inkluderas i kulturmiljøplanen.
Språkleg kommentar:
Ståle SkårnRette opp dei plassane der det står PÅ Julsundet. Det heiter i Julsundet.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under