Kulturmiljøplan Aukra kommune 2024-2027
Vedteke i K-sak 98/23 den 23. november 2023
Kulturmiljøplanen er ei omarbeiding og utviding av tidlegare kulturminneplan.
Stortingsmelding 16-2019-20 legg føringar for utarbeidinga av kulturmiljøplanen. Kulturmiljøpolitikken bygger mellom anna på FN sine 17 berekraftsmål, og mål 11 er ekstra aktuelt: berekraftige byar og lokalsamfunn. Kulturminne er vektlagt som viktige for kvalitet, identitet, bulyst og folkehelse i eit lokalsamfunn. Gjennom ei god kulturmiljøplan skal kulturminne veljast ut og forvaltast. Alle har rett til å velje sin kulturarv og til å vere med og ta ansvar for denne. Gjennom høyringar og andre prosessar for medverknad, skal alle kunne ytre seg om kulturarv og forvaltning. Det lokale engasjementet i lokalbefolkninga vert vektlagt
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.