Tilbake til aukra.kommune.no
Gjeldande for perioden 2024-2027

Kulturplan

Vedteke i k-sak PS-36/24 den 13. juni 2024

Kulturplanen skal vere eit styringsdokument for Aukra kommune sitt engasjement på kulturfeltet og gjelde for politikarar, administrasjon og det frivillige kulturlivet. Den skal synleggjere kulturlivet i kommunen, aktivitetsnivå og rammevilkår, peike på behov og utfordringar, samt tydeleggjere fordeling av oppgåver og ansvar. Kulturplanen gir oss eit reiskap til å halde stø kurs, ha oversikt og prioritere både i forhold til aktiviteten i kommunen og kring oss. Dette blir gjort synleg i rullering av plan for Aukra kulturskole og handlingsplaner på kvart enkelt fagfelt innanfor kultureininga.

Kulturplan for Aukra kommune 2024-2027

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Bilete viser eit elevarbeid frå Aukra kulturskole, inspirert av Vincent van Gogh sitt bilete Kornåker