Tilbake til aukra.kommune.no

Omsorgsplan 2020-2030

Vedteke i K-sak 31/21 den 17. juni 2021

Plana beskriv strategiar for korleis Aukra kommune skal møte framtidige omsorgsutfordringar og endringar i etterspørselen etter helse- og omsorgstenester i åra fram mot 2030.

Grunnlaget for plana er innspel frå arbeidsgrupper, fagpersonar, brukarar og pårørande, og dialogmøte med innbyggarane i Julsundet og på Gossen. På denne bakgrunn er overordna målsettingar for helse- og omsorgstenestene, og tiltak innan dei ulike tenesteområda, utforma.

Målet er at omsorgsplana skal fungere som ei overordna plan som gjev føringar for fag- og handlingsplanar i kommunen, og gje innspel til kommuneplanarbeidet i Aukra. Omsorgsplana skal følgjast opp av ei kompetanseplan for helse og omsorgssektoren.

Omsorgsplan 2020-30 for Aukra kommune

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Omsorgsplan - bilete