Plan for idrett og fysisk aktivitet - andre gongs høyring
Offentleg høyring og ettersyn
Aukra kommune vedtok gjeldande kulturplan 2024-2027 den 13. juni 2024 i sak PS-36/24. Plan for idrett og fysisk aktivitet byggjer vidare på dei verdigrunnlag og målsettingar som kulturplanen har i seg.
Plan for idrett og fysisk aktivitet vil i samsvar med vedtak i PS-36/24 ha fokus på følgjande hovudtema:
- Anlegg- og arealkartlegging
- Aktivitet- og behovskartlegging
- Drift- og vedlikehaldsplaner/strategiar og budsjett
Planen skal vere eit verktøy som blir brukt både politisk og administrativt for vidare utvikling av feltet idrett og fysisk aktivitet i Aukra. Den skal vere retningsgjevande ved prioritering av mål og tiltak.
Planen blir no lagt ut til andre gongs høyring. Dette med bakgrunn i tilbakemeldingar om kort frist i første høyringsrunde. I tida fram til andre gongs høyring er det arbeidd med å svare ut mottekne merknader og korleis desse kan bli implementert i plandokumentet. Dette gjeld både struktur, innhald og redaksjonelle endringar.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 20. februar 2026, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Saksdokument
- Plan for idrett og fysisk aktivitet - høyringsutkast 2. gongs høyring
- Innkomne merknader etter fyrste gongs høyring
- Svar på innspel etter første høyring - Plan for idrett og fysisk aktivitet
Generell informasjon
I Aukra kommune er det berre kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel som følger plan- og bygningnslova sine bestemmingar om innhald og prosess. Unnataket er Klima- og miljøplanen som er utarbeida som kommunedelplan. Prosess for og utforming av Plan for idrett og fysisk aktivitet følger tilsvarande som andre fag- og strategiplaner i kommunen, der plan- og bygningslova sine bestemmingar ikkje er førande.

Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.