Gjeldande for perioden 2019-2023
Plan for likestilling og mangfald
Vedteke i K-sak 4/19 den 5. februar 2019
Alle arbeidsgjevarar, offentlege myndigheiter og arbeidslivsorganisasjonar er pålagt ved lov å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering.
Visjonen er å fremje full likestilling mellom kvinner og menn. Kjønnsperspektivet skal vere ein integrert del av all aktivitet i kommunen. Aukra kommune vil arbeide for å motverke alle formar for diskriminering.
Målet med plana er å oppnå ein kjønnsbalanse så nær 40/60 innanfor så mange yrkesgrupper i kommunen som muleg. Aukra kommune vil arbeide for ein kultur som inkluderar, tek i vare og verdset begge kjønn likt uansett verdisyn, funksjonsevne og seksuell orientering.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.