Plan for psykisk helse og rus
Vedteke i k-sak 41/19 den 18. juni 2019.
Det er ei nasjonal målsetting å styrke psykisk helsearbeid og rusomsorga i kommunane. Gjennom Samhandlingsreforma, Lov om Folkehelse, Meld. St. 30 (2011-2012) «Sjå meg – ein heilskapleg rusmiddelpolitikk» og IS-2076 «Sammen om mestring» set regjeringa søkjelyset på å skape heilskaplege tenester gjennom helsefremjande arbeid, tidleg intervensjon og tettare oppfølging av psykisk sjuke og/eller rusavhengige.
Førekomst av psykiske lidingar i Norge er omlag på nivå med andre vestlege land. Det er viktig at fleire får rask psykisk helsehjelp. Tidleg innsats og helsefremjande arbeid viser seg å ha stor samfunnsøkonomisk gevinst.
Bakgrunn for arbeidet med planen starta heilt tilbake i 2013 med oppnemning av styringsgruppe rus og psykisk helse. Arbeid på systemnivå med etablering av samarbeid og samhandling på tvers er grunnlag for planarbeidet. Mandatet til gruppa var å leggje til rette for rullering av ny rusmiddelpolitisk handlingsplan og inkludere psykiatriplanen, slik at Aukra kommune får ein felles plan for psykisk helse og rus.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.