Privat reguleringsplan Vollan bustadfelt, endring 01 - Melding om oppstart
Oppstartsmelding
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-14 varslar Angvik Prosjektering AS om oppstart av reguleringsarbeid for Privat reguleringsplan Vollan bustadfelt, endring 01 i Aukra kommune.
Planområdet omfattar eksisterande reguleringsplan, i tillegg til planlagte tilleggstomter, til saman ca 19 daa.
Føremålet med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å utvide eit allereie etablert område for bustadbebygging. Det er planlagt einebustader med tilhøyrande garasje på to nye tomter i samband med eksisterande reguleringsplan for Vollan bustadfelt, planid 1547201007.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget sendast til Angvik Prosjektering AS, Fabrikkvegen 20, 6636 Angvik eller e-post post@angvik-prosjektering.no
- Kopi sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller e-post post@aukra.kommune.no
- Frist for merknader er 10. januar 2025
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen
Saksdokument
- Oppstartsvarsel frå Angvik Prosjektering AS
- Planinitiativ Vollan bustadfelt
- Planavgrensning Vollan bustadfelt
- Referat frå oppstartsmøte 22. november 2024
Anna relevant planverk
Praktisk informasjon
Nedst på denne sida står det at høyringsperioden er avslutta og at det difor ikkje lengre er mogleg å gje uttale på denne planen. Setninga har tekniske årsaker og du kan sjå bort i frå han. Du kan sende høyringsuttalen til Angvik Prosjektering AS til og med 10. januar 2025.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.