Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Åsdalen industriområde - melding om oppstart

Frist for merknadar: 25. august 2022.

Oppstartsmelding

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement punkt 18.10, varslar Aukra kommune at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan Åsdalen industriområde.

Ein gjeldande reguleringsplan innanfor planområdet skal i medhald av plan og bygningslova § 12-14 opphevast ved sluttgodkjenning av reguleringsplanen for Åsdalen industriområde, denne er: Reguleringsplan for MFK-anlegg Åsdalen (vedteken 27.11.2014 – planid 1547201406), ny reguleringsplan vil erstatte den gjeldande reguleringsplanen i si heilheit.

Om planarbeidet

Hensikta med planarbeidet er å leggje til rette for nye industritomter i Julsundet. Området vart regulert til idrettsføremål i 2014  i «reguleringsplan for MFK-anlegg Åsdalen», men bygging av anlegget har ikkje vorte realisert, samstundes er det lite truleg at det vil bli det i framtida. Dette, kombinert med at det er eit aukande behov for nye industritomter i Julsundet, har medført at kommunen må sjå på område som kan eigne seg til nye industriføremål. I kommunestyremøte den 19.12.2019, sak 128/19, vart det vedtatt eit oversendingsforslag der administrasjonen i kommunen vart bedne om å jobbe vidare med å finne eigna industriareal i Julsundet. Då det er lite truleg at det vil bli etablert idrettsføremål på det noverande området, har administrasjonen vurdert at den beste løysinga vil være å gjennomføre ei omregulering frå det noverande idrettsføremålet til industriføremål.

Konsulentselskapet Norconsult AS har bistått kommunen med vurderingar knytt til grunntilhøva innanfor planområdet. Det er til saman utført grunnundersøkingar i 37 posisjonar, og boreplanen viser at det er mellom 0,3 og 11, 8 m djupne til berg ved dei undersøkte posisjonene (sluttrapporten frå undersøkingane er vedlagt saka). Det aktuelle området ligg under marin grense og det kunne derfor være potensiale for at området inneheldt marine avsetningar med sprøbunnskarakter (for eksempel kvikkleire), men dei gjennomførte grunnundesøkingane har ikkje avdekt slike material. Basert på opplysningane over har kommunen vurdert at det skal settast av eit totalt areal på om lag 30 dekar til nye industriføremål nord-aust i planområdet, mot grensa til Hustadvika kommune. Fordelen med denne løysinga er at vi unngår dei områda der det er djupast myr, og at vi slepp inngrep i eksisterande bekk som går gjennom planområdet.

Konsulentselskapet Norconsult AS har bistått kommunen med vurderingar knytt til hydrologi/flaumfare frå eksisterande bekk innanfor planområdet (sluttrapporten frå vurderingane er vedlagt saka). Vassdraget blir vurdert til å ha forholdsvis god kapasitet, og fare for/konsekvens av ei eventuell flaum vert vurdert som relativt små. Det er tre kulvertar innanfor området som alle påverkar flaumtilhøva, ein av desse kulvertane har så liten kapasitet av delar av flaumvassføringa vert leda ut av vassdraget og medfører fare for at eit eksisterande bustadhus vert berørt. Kommunen skal i den vidare prosessen ta ei vurdering på om dei eksisterande kulvertane skal oppgraderast slik at dei får høgara kapasitet.

I «reguleringsplan for MFK-anlegg Åsdalen» var det planlagt tilkomst lengst vest i planområdet. Grunnundersøkingar som er gjennomført viser at det er djup myr i dette området, og det er derfor ønskeleg å flytte ny tilkomst nærmare det planlagte området for nye industritomter lengre aust, mot grensa til Hustadvika. Konsulentselskapet Norconsult AS har bistått kommunen med vurderingar knytt til mogleg nye tilkomstar til planområdet, og det er vurdert tre alternativ A1 i vest, A2 i midten og A3 lengst aust mot grensa til Hustadvika, jf. vedlegg. Alle tre alternativa tilfredsstiller siktkrava om ein legg til grunn at «fjellområdet» sør-aust av A3 vert sprengt ned.

Undergangen som var teikna inn i reguleringsplan for MFK-anlegg Åsdalen vert teken ut då den ikkje lengre vert sett på som relevant etter omregulering frå idrett til industri.

Kommunen sin sakshandsamar har undersøkt § 6, 7, 8 og 10 i «forskrift om konsekvensutredninger», men finn ikkje at det vert utløyst slikt krav. Planforslaget vert utarbeidd som ei detaljregulering med melding om oppstart og deretter høyring og offentleg ettersyn i minimun seks (6) veker etter krava i plan og bygningslova.

Merknadar til planarbeidet

Merknadar til planarbeidet skal sendast til kommunen innan 25.08.2022 (utvida frist grunna ferieavvikling), og vi ber om at de nyttar funksjonen «send ein uttale til planen», som du finn nedst i denne artikkelen.

Alternativt til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Saksdokument

Gjeldande reguleringsplan som skal erstattast
Lokalisering
Planavgrensing
Skisse som viser vurderte alternativ for tilkomstveg
Vurdering av grunnforhold
Vurdering av hydrologi (flaumfare)

 

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Ekko/Aureosen ønsker å understreke at behovet for innendørs treningsareal på ingen måte er dekt i fastlandsdelen av kommunen. Dette er nødvendig for å opprettholde aktivitetsnivået i vinterhalvåret.

    Vi arbeider aktivt med en fotballhall med turn-areal og flerbruksarena. Vi er i dialog med idrettskrets og vil kontakte idrettsråd i begge kommuner i høst.
    Vi ønsker at det tilbakeholdes en del som er regulert til idrettsareal, mot kommunegrensa til Hustadvika, til en 11-er hall, turn-del og parkering.

    Håper dette imøteses,

    Ekko/Aureosen
    Hovedstyret

    2022-08-17 09:58:27
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Åsdalen