Reguleringsplan gang- og sykkelveg Rød - Oterhalsen - Ny melding om oppstart
Oppstartsmelding
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement, varslar Aukra kommune ny oppstart av arbeid med reguleringsplan gang- og sykkelveg Rød – Oterhalsen grunna utvida planområde.
Det vart opprinneleg meldt oppstart av planarbeidet den 20. mars 2025, med frist for å kome med merknader 22. april 2025. Med bakgrunn i felles synfaring i planområdet den 7. mai 2025, og møte med vegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune den 4. juni 2025, vart det konkludert med at konsekvensane for eigedom gbnr 6/105 (Rindarøyvegen 150) vert så store at den einaste realistiske løysing her vil vere å justere traseen på fylkesveg 6042 for å få nok plass til gang- og sykkelvegen. Justeringa av traseen på fylkesveg 6042 inneber at planområdet vert utvida til å omfatte eit område som ikkje var del av den opprinnelege oppstartsmeldinga.
Etter tilråding frå planavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune melder vi difor ny oppstart av planarbeidet.
Føremålet med planarbeidet
Hensikta med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av gang- og sykkelveg med tilhøyrande anlegg langs delar av fylkesveg 6042 (Rindarøyvegen), slik det går fram av vedlagte kart som viser lokalisering og planavgrensing.
For meir informasjon kan du lese utsendingsbrevet.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 14. august 2025, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.