Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Hollingen næring- og sentrumsområde - ny melding om oppstart grunna utvida planområde

Frist for merknadar: 25. januar 2019

I medhald av plan og bygningslova §§ 12-3 og 12-8, og kommunen sitt delegeringsreglement punkt 18.1, vert det varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan Hollingen næring- og industriområde.

Det vart varsla oppstart gjennom brev til berørte partar og annonse i Romsdals Budstikke den 06.11.2018, men på grunn av ein inkurie mottok ikkje fylkesetatane oppstartmeldinga. På bakgrunn av dette, og at kommunen ser det som naudsynt å utvide planområdet, vert det meldt ny oppstart av planarbeidet.

Føremalet med planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å:

  1. leggje til rette for fleire næringstomter på Hollingen,
  2. leggje til rette for ny tilkomstveg til eksisterande og framtidig næringsområde,
  3. leggje til rette for tilkomstveg til framtidig bustadområde i nord,
  4. leggje til rette for nye trafikale løysingar langs fylkesveg 662, og
  5. leggje til rette for eit mobilt bensinstasjonanlegg på delar av Kisi Eiendom AS sitt næringsareal ved Bunnpris.

Det skal og vurderast om det let seg gjere å etablere eit felles kollektivknutepunkt på delar av arealet avsett til framtidig sentrumsformål i kommuneplanen sin arealdel. Planforslaget vert utarbeidd som detaljregulering i to alternativ for å kunne vise forslag til tilkomstveg til eksiterande og framtidig næringsområde og framtidig bustadområde frå både fylkesveg 662 og 215. Gjeldande reguleringsplanar innanfor planavgrensinga vert vidareført i det nye planforslaget slik at ein får ein samla plan for området.

Planområdet er i gjeldande kommuneplan sin arealdel avsett til framtidig friområde, framtidig næringsverksemd, framtidig sentrumsformål og LNF.

Saksdokument og frist for merknadar

Du finn alle saksdokument i tabellen nedst i artikkelen. Eventuelle merknadar til oppstartmeldinga skal sendast kommunen innan 25.01.2019, og vi ber om at du nyttar funksjonen "send ein uttale til planen", der det og er høve til å leggje ved relevante vedlegg.

Saksdokument
Gjeldande reguleringsplan
Planavgrensing
Utsnitt av kommuneplanen sin arealdel

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Viser til forrige innsending av merknad i dag fra Gnr. 15 Bnr. 7:
    Legger ved riktig fil som vedlegg 1. I opprinnelig melding ble begge vedleggene samme fil. Vennligst legg denne inn som Vedlegg 1.

    Mvh Bodil Palma Hollingsæter

    2019-01-13 21:05:10
    [Svar]  Link
  • Oversender merknad til Reguleringsplan Hollingen nærings- og sentrumsområde fra Gnr. 15 Bnr 7 i Aukra Kommune. Viser forøvrig også til oversendt merknad til forrige oppstartsmelding sendt kommunen i brev av 17. desember 2018 (etter forlenga merknadsfrist).

    mvh Bodil Palma Hollingsæter
    13. januar 2019

    2019-01-13 20:51:46
    [Svar]  Link
  • Kommentar til punkt 3:"leggje til rette for tilkomstveg til framtidig bustadområde i nord":

    Det er gjennom innspill til kommuneplanens arealdel foreslått/planlagt boligfelt for gnr 15 bnr 2 mot nord, slik at veg/infrastruktur bør dimensjoneres i forhold til dette. Det kan for dette fremtidige boligfeltet være naturlig med adkomst fra området som nå omreguleres. Se vedlegg.

    2019-01-10 12:20:05
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete Hollingen industriområde