Reguleringsplan Hollingsetervegen - melding om oppstart
Frist for merknadar: 11. mars 2019
Oppstartsmelding
Aukra kommune melder med dette oppstart av reguleringsplan for Hollingsetervegen, i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8, og kommunen sitt delegeringsreglement punkt 18.1.
Føremalet med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å utbetre eksisterande veg, samt å leggje til rette for eit mogleg framtidig fortau. Planavgrensinga er basert på eit teikningsgrunnlag Asplan viak har utarbeidd for kommunen. Det er kommunen sjølv som er tiltakshavar, og utarbeider planforslaget.
Planområdet er i gjeldande kommuneplan sin arealdel avsett til bustadføremål og LNF (landbruks-, natur- og friluftsføremål). Eventuelle delar av eksisterande reguleringsplanar som ligg innanfor planavgrensinga vert erstatta av ny plan.
Merknadar til planarbeidet
- Saksdokumenta finn du nedst i artikkelen.
- Merknadar til planarbeidet skal sendast kommunen innan 11. mars 2019, og vi ber om at du brukar funksjonen "send ein uttale til planen".
Saksdokument
Lokalisering |
Planavgrensing |
Utsnitt av kommuneplanen sin arealdel |
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Hei.
Sameie HollingsbuktaDet er kjempefint med gangfelt på denne vegen, men det må da også komme opp gatelys.
Vi som bor i sameiene i Hollingsbukta bruker denne vegen til parkering, da den er ganske bred. Det kun er 1,5 parkeringsplasser til oss på tomtene kommunen har solgt til Block Watne som utbygger av feltene. Nå til dags har de fleste en bil hver for og komme seg til/fra jobb. Dersom det blir gangfelt her, og vi mister parkeringsplassen vil det ikke bli nok parkering til oss.
Kan dere tenke på en løsning der?
Vi har ingen annen plass å sette fra oss bilen, og ingen parkering til gjester.
Hei!
Torkil Bekken SandøyFlott med oppstart ny vei! Vi etterlyser en plan for lyktestolper med gatelys? Slik det er nå oppleves veien som uforsvarlig å bevege seg på da det ikke finnes lyspunkt store deler av veien. Hvilken sone tenkes å ha her nede i forhold til at det ikke er en umiddelbar plan for fortau?
Hilse beboere langs veien ! :-)
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.