Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg - 1. offentlege høyring

Frist for merknadar: 7. august 2019

Offentleg høyring i ni veker

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har drift og arealutvalet i møte den 27. mai 2019, sak 19/19, vedteke å leggje reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg ut til offentleg høyring. Reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i ni veker (utvida med tre veker grunna ferieavvikling), i perioden 03.06.2019 - 07.08.2019.

Merknadar til planen

  • Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 7. august 2019, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
  • Det er muleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokument finn du nedst i artikkelen.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Føresegner
Plankart
Planomtale
Innkomne merknadar etter melding om oppstart

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Ungdomsrådet sin uttale til høyringa:
    Positivt at saka har vore tatt opp i elevråda på skolen og på den måten sikre fleire innspel frå barn og unge i plana.
    Ungdomsrådet ønskjer at Riksfjord skole vert nytta til aktivitetar inne og ute i bygget. Til dømes trampoline, paintball, lasertag. Lågterskeltilbod til ungdom der ein kan trene styrke og kondisjon. Dette både innandørs (med aldersgrense) og ute i friluft. Området har ei praktisk liggjestad i høve til idrettsanlegg, som og kan nytte eit styrkerom.
    Det er ønskeleg å ha ein plass der ungdom kan kjøpe enkel og rask mat, samt kunne treffast.

    2019-06-24 14:51:33
    [Svar]  Link
  • Vedtak i rådet for likestilling av funksjonshemma i Aukra kommune, sak 19/19:

    1. Rådet for likestilling av funksjonshemma er positiv til reguleringsplan Riksfjord skole og idrettsanlegg slik den foreligger.

    2. Rådet for likestilling av funksjonshemma etterspør sak om gjenbruk/avhending av Riksfjord skole.

    2019-06-17 11:03:44
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete Riksfjord skole og idrettsanlegg