Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Solem bustadfelt II, endring 03 (etablering av mobilmast) - oppstartsmelding

Frist for merknader: 22. desember 2021

Melding om oppstart

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og 12-14, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement punkt 18.1, varslar Aukra kommune at det vert starta opp arbeid med endring av gjeldande reguleringsplan Solem bustadfelt II, mindre endring 02 (vedteken 06.05.2021).

Bakgrunn

Hensikta med reguleringsendringa er å:

  1. leggje til rette for at det kan etablerast mobilmast med tilhøyrande anlegg ved Skomakaren i Røssøyvågen, Aukra kommune, gjennom etablering av eit nytt reguleringsføremål «telekomminikasjonsanlegg» - sosi-kode 1570».
  2. leggje til rette for  tilkomst til mobilmast med tilhøyrande anlegg gjennom ei justering av teksten i føresegnene til planen.
  3. leggje til rette for eit friområde (sosi-kode 3040) mellom to av dei ubygde tomtene på felt B7 slik at dette området kan nyttast til passasje, etablering av naudsynte kablar i grunnen, eller til annan naudsynt infrastruktur og anlegg i samband med etablering, drift og vedlikehald av mobilmast med tilhøyrande anlegg. Regulert tomtegrense mellom dei to ubygde tomtene vert justert tilsvarande.
  4. Ein eksisterande trafostasjon som er etablert innanfor felt F3 (leikeplass) vert tatt med i reguleringsendringa og gitt reguleringsføremålet "energianlegg - sosi-kode 1510».

Etablering av mobilmast med tilhøyrande anlegg vil krevje eit areal på om lag 25 m2, sjølve masta har ei høgde på 18 meter. Naudsynte kablar frå eksisterande trafostasjon og fram til mobilmasta vert gravne ned og dekka av stadeigen masse. Masta var i utgangspunktet tenkt etablert på det høgste punktet på Skomakaren, men dette vart seinare endra med omsyn til nærliggande busetnad, friluftsliv og nyare tids kulturminne. Det skal ikkje etablerast veg fram til mobilmasta, då stordelen av utstyret vert frakta ved hjelp av helikopter. Ved seinare naudsynte serviceoppdrag kjem personell til fots, ved frakt av større og tyngre utstyr om mogleg med ATV.

Merknader

  • Merknader til planarbeidet skal sendast til kommunen innan 22. desember 2021, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument

Lokalisering
Gjeldande plankart før endring 03
Plassering av mobilmast - kart og illustrasjonar

 

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Bilete Solem II, endring 03