Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Torhaugmyra Aust, endring 06 - melding om oppstart

Frist for merknadar: 25. august 2022.

Oppstartsmelding

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement punkt 18.10, varslar Aukra kommune at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan for Torhaugmyra aust, endring 06.

Om planarbeidet

Hensikta med planarbeidet er å: 

  1. Leggje til rette for etablering av ein kommunal slamavskiljar på delar av eigedom 15/2 gjennom bruk av arealføremålet «avløpsanlegg» (sosi-kode 1542).
  2. Leggje til rette for opprusting av eksisterande veg på eigedom 15/2 i Julsundet (etablering av fast dekke, breiddeutviding, vendehammar) slik at denne vert dimensjonert for tilkomst og snuing av renovasjonskøyretøy.
  3. Det vert regulert inn ei eksisterande bustadtomt på delar av eigedom 15/2.
  4. Eksisterande landbruksområde vert vidareført frå kommuneplanens arealdel slik at ein får eit samanhengande og meir naturleg planområde.

For å kunne realisere reguleringsendringa vert planområdet til gjeldande reguleringsplan (Torhaugmyra aust, mindre endring 05) utvida mot nordvest, slik det går fram av kartutsnitt som viser planavgrensing. Planområdet grensar til gjeldande reguleringsplan for Torhaugmyra bustadfelt i sør. I kommuneplanen sin arealdel 2016 – 2028 er planområdet avsett til LNF (landbruks-, natur- og friluftsføremål).

Kommunen har vurdert at endringane som er tenkt gjennomført er av ein slik karakter at dei ikkje kjem under krava til mindre endringar, saka vert derfor fremja som ei ordinær reguleringsendring med melding om oppstart og deretter høyring og offentleg ettersyn i seks veker etter krava i plan og bygningslova kapittel 12. Kommunen sin sakshandsamar har undersøkt §§ 6, 7, 8, og 10 i forskrift om konsekvensvurderingar, men finn ikkje at det vert løyst ut slikt krav.

Merknader til planarbeidet

Merknader til planarbeidet skal sendast til kommunen innan 25.08.2022, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen» som de finn nedst i denne artikkelen.

Alternativt til Aukra kommune – Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Saksdokument

Gjeldande reguleringsplan som skal endrast
Lokalisering
Planavgrensing

 

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Torhaugmyra

Torhaugmyra