Frist for merknader: 31. august 2026
Riksfjord idrettsanlegg, endring 01 - Melding om oppstart
Melding om planoppstart
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement, vert det varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for idrettsanlegg på Riksfjord.
Hensikta med planarbeidet
- Hovudhensikta med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av ein ny idrettshall med tilhøyrande funksjoner på Riksfjord, Aukra kommune.
- Idrettshallen skal være eit fleirfunksjonelt bygg med tilhøyrande uteområde som skal kunne tene fleire ulike brukargrupper, og leggje til rette for varierte aktivitetar og idrettsføremål.
- Området der idrettshallen er tenkt etablert er i gjeldande plan regulert til offentleg og privat tenesteyting, og skal i ny plan omregulerast til idrettsanlegg for å være i samsvar med planlagt bruk.
- Delar av bygningsmassen på gamle Riksfjord skule skal rivast for å sikre tilstrekkeleg areal til idrettsanlegget, resterande delar av bygget og uteområda blir vidareført som offentleg og privat tenesteyting for mellom anna og kunne nyttast til ulike opplæringsføremål også i framtida.
- Ny plan skal i tillegg leggje til rette for framtidig friidrettsanlegg ved Riksfjord stadion, gjennom ei endring i teksten i reguleringsføresegnene.
- Ny plan omfattar planavgrensinga til eksisterande reguleringsplan i si heilheit for å kunne sjå heile området i samanheng med omsyn til kapasitet på parkering, vegsystem, intern gangtrafikk/tilkomst mellom dei ulike bygga og funksjonane, løysingar for gåande og syklande, kollektivtrafikk, teknisk infrastruktur, overvannshandtering mv.
- Planforslaget vil bli utarbeidd som ei offentleg detaljregulering, og det er ikkje krav om oppstartmøte, jf. plan og bygningslova § 12-3 og 12-8.
Nærmare om planområdet
- Planområdet er lokalisert til Riksfjord på Gossen i Aukra kommune slik det går fram av vedlegga «lokalisering» og «planavgrensing».
- Lokalisering av den nye idrettshallen til Riksfjord er basert på vurderingar i ein rapport frå Sign Arkitektur våren 2024, samt omfattande medverknadsprosessar i kommunen der totalt seks ulike lokaliseringar har vore vurderte.
- Lokalisering av den nye idrettshallen til Riksfjord vart vedtatt av kommunestyret i møte den 11. september 2025, sak PS-46/25.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 31. august 2026, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen
Saksdokument
- Gjeldande reguleringsplan som vert endra
- Utsnitt av kommuneplanen sin arealdel 2016-2028
- Planavgrensing
- Lokalisering
Andre relevante opplysningar
- Planområdet grenser til fylkesveg 6048 i aust (Riksfjordvegen), og til den kommunale Hauglandsvegen i sør.
- Fartsgrensa på fylkesveg 6048 forbi planområdet er 60 km/t, og ÅDT er 800 med andel lange køyretøy på 7 %.
- Fartsgrensa på Huglandsvegen er 60 km/t. ÅDT er ikkje kjent.
- Det er ein eksisterande gang og sykkelveg langs fylkesveg 6048 i aust.
- Ved oppslag i relevante kjelder er det ikkje funne opplysningar som tilseier at området for ny idrettshall vil kome i konflikt med artar, naturtyper eller andre naturverdiar etter naturmangfaldlova.
- Ved oppslag i relevante kjelder er det ikkje funne opplysningar som tilseier at området for ny idrettshall vil kome i konflikt med automatisk freda kulturminne.
- På området der Riksfjord skole ligg i dag, og på delar av området for ny idrettshall er det registrert eit nyare tids kulturminne. Dette er knytt til en fangeleir som låg her under 2. verdskrig. Restane etter fangeleiren er i dag borte, men vert omtalt i planomtalen.
- Området for ny idrettshall ligg under marin grense, og lausmassene innanfor planområdet er i hovudsak breelvavsetningar (glasifluvial avsetning).
- Sweco har i 2022 vore engasjert av Aukra kommune for å gjennomføre geotekniske undersøkingar på Gossen for å kartlegge potensiell kvikkleirefare. Med utgangspunkt i at det er berg i dagen over store delar av området, samt føreligg kunnskap frå lokal grunn-entreprenør, er det anteke grunt til berg (<2 m) over heile området. Terrenget er særleg kupert med berg i dagen slik at eventuelle blaute massar ikkje kan utløyse områdeskred, og det finst heller ikkje overliggande skråningar som kan utløyse områdeskred. Utifrå opplysningane over vert det konkludert med at planområdet ikkje er utsett for områdeskred, og at områdestabiliteten er vurdert til å være tilfredsstillande. Rapporten frå undersøkingane vert vedlagt saka når den skal til høyring og offentleg ettersyn.
- På delar av planområdet og der det i gjeldande reguleringsplan er regulert framtidig parkering, er det i arealressurskart registrert barskog med høg bonitet og dyrkbar jord. Parkeringsplassen er i utgangspunktet tenkt vidareført i ny plan som felles parkering for idrettsanlegga.
- Ny idrettshall er vurdert ha stor samfunnsmessig nytte gjennom å leggje til rette for sambruk, møteplassar, samt varierte aktivitetar og idrettsføremål for innbyggjarane og andre brukarar. På bakgrunn av dette er det ei førebels vurdering at den samfunnsnyttige verdien av tiltaket vil vere større enn dei ulempene det medfører for barskogen og den dyrkbare jorda. Det vil gjennom planprosessen bli arbeidd for å avgrense inngrepa så langt som mogleg for å sikre ei arealeffektiv utbygging.
Gjeldande planstatus, behov for konsekvensvurderingar
- I kommuneplanen sin arealdel 2016–2028 er heile planområdet avsett til detaljeringssone 910 – reguleringsplan skal fortsatt gjelde.
- Det er ein gjeldande reguleringsplan i området i dag, dette er Riksfjord skule og idrettsanlegg, planid 201802, vedteken 1. oktober 2019. Delar av eit område avsett til offentleg og privat tenesteyting vil i ny plan bli omregulert til idrettsanlegg.
- Det er ingen tilgrensande reguleringsplaner som vert omfatta av ny plan.
- Gjeldande reguleringsplanar som ligg innanfor planavgrensinga til ny plan vil verte oppheva og erstatta med heimel i plan og bygningslova § 12-14.
- Kommunen sin sakshandsamar har undersøkt §§ 6, 7, 8 og 10 i forskrift om konsekvensvurderingar, men finn ikkje at det vert løyst ut slikt krav, begrunna med at tiltaket ikkje er vurdert til å medføre vesentlege verknader for miljø og samfunn.
- Komplett ROS-analyse vert vedlagt planforslaget når det skal til høyring og offentleg ettersyn.
Den kommunale planprosessen
Ei offentleg detaljregulering fylgjer krava til kommunale planprosessar slik det går fram av plan- og bygningslova kapittel 12. Planprosessen består av fleire fasar der det vert opna for å kome med innspel til planarbeidet:
- Melding om oppstart i detaljreguleringar er delegert til administrasjonen, og vert ikkje behandla politisk. Oppstartmeldinga vert annonsert gjennom brev til berørte partar, gjennom annonse i avisa, og ved utlegging på kommunens heimesider og sosiale media.
- Når kommunen har bearbeidd innkomne merknadar etter oppstart vil det bli utarbeidd eit komplett planforslag til politisk handsaming i planutvalet. Deretter leggjast planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn gjennom brev til berørte partar, gjennom annonse i avisa, og ved utlegging på kommunens heimesider og sosiale media.
- Når planforslaget har vore til høyring og offentleg ettersyn vert det gjort naudsynte endringar i plandokumenta basert på dei innkomne merknadane. Deretter skal saka på nytt til handsaming i planutvalet, og så til kommunestyret for endeleg vedtak.
- Ei vedteken detaljregulering er eit enkeltvedtak, og kan påklagast etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.