Tilbake til aukra.kommune.no

Rullering av kulturminneplan 2020 i Aukra kommune

Frist for merknadar: 15. juni 2020

Om kulturminneplanen

Kulturminneplanen vart vedteken i kommunestyret 13.12.16 og handlingsdelen vart revidert med vedtak 13.12.18.

  • Kapittel 1 beskriv kommunen si rike historie gjennom 12 000 år, og korleis spor av historia er å finne over heile kommunen, både fysisk og immaterielt. Desse spora er viktige for identiteten til innbyggjarane og opplevinga av å høyre til.
  • Kapittel 2 i planen seier ein del om visjon og mål med kulturminneplanen. Kvifor meinar ein det er viktig å ha ein plan som beskriv kulturminna i kommunen, og kvifor bevare, beskrive og ta vare på kunnskap om kulturminna?
  • Handlingsplanen viser dei prioriterte tiltaka for planperioden. Her er dei ulike prosjekt beskrivne. Ein del prosjekt har vist seg å bli meir omfattande enn det vart vurdert, så i handlingsdelen er det også viktig å ha realistiske mål og tidsplaner.

Merknadar til planen

Aukra kommune ber om innspel på alle delar av planen. Det kan vere ting du meiner manglar, må presiserast, eller kanskje viser seg å vere feil. Visjon og delmål treng kanskje justering?

Meld inn dine meiningar og innspel i høyringa, slik at Aukra kommune får ei levande og nyttig kulturminneplan å arbeide etter. 

Frist for merknadar

  • Merknader skal sendast kommunen innan 15. juni 2020, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
  • Det er muleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokument finn du nedst i artikkelen.

Saksdokument

Kulturminneplan 2017-2020, med vedtatt rullering av handlingsdel den 13. desember 2018


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Hørings forslag fra Løvik Kystfort venneforening
    Viser til vedlagt vedlegg over kystfortet
    Gravrøystene rundt kystfortet var ikke plass til som vedlegg ,men Berit har også dette kartet

    kultur /opplevelse sti ut fra løvikremma til fortet
    Vedlegg

    Med Hilsen
    Frode Bjerkan
    Leder Løvik kystfort venneforening

    AttachmentAttachmentAttachmentAttachmentAttachmentAttachmentAttachmentAttachmentAttachmentAttachment
    2020-06-11 15:52:26
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Kleivhaugen