Tilbake til aukra.kommune.no

Skogsforvaltningsplanane

Vedteke i k-sak 11/20 den 4. mars 2020

Om planane

Planane har litt ulik karakter.

Forvaltningsplanen for leplantefelta er først og fremst ein kunnskaps- og rettleiingsbase. Planen presenterer lovgrunnlaget som styrer forvalting av skog, og det er gjeve nokre praktiske råd om uttak, økonomien i dette, om samarbeid, om verdien av le og opne areal, om treslagskifte m.m. Leplantingane vart i si tid etablerte gjennom eit statleg og kommunalt samarbeid. No er bindingstida for lefelta over, og grunneigarane har disposisjons- og forvaltingingsrett over skogplantingane. Difor må også gjennomføring av tiltak i størst grad skje etter
privat initiativ, og i samsvar med skoglova og råda i denne planen.

Planen for Aukraskogen er ganske konnkret i forslag til forvalting og drift. Aukraskogen er eit statleg sikra friområde der kommunen har eit konkret forvaltnings- og driftsansvar. Begge planane treng oppføging gjennom tiltaksplanar, og for Aukraskogen er planen også eit kunnskapsgrunnlag for søknadar om ulike tilskot.

Dokument

Oversiktsplan, forvaltning og drift av Aukraskogen på Gossen, Aukra kommune
Forvaltning av leplantefelt

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Skogsplanane - bilete