Frist for merknader: 24. januar 2025
Torhaugmyra aust, endring felt BK2 - melding om oppstart
Oppstartsmelding
I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement, varslar Aukra kommune oppstart av arbeidet med reguleringsplan Torhaugmyra aust, endring felt BK2.
Hensikta med planarbeidet
- Endre tillatt bustadtype frå «lågblokk, utforma som terassebusetnad» til «4-mannsbustader» gjennom ei endring av teksten i reguleringsføresegnene.
- Leggje til rette for ny tilkomst til felt BK2 gjennom ei endring av gjeldande reguleringsføremål. Dette er tenkt løyst ved at delar av friområdet «o_F4» vert omregulert til køyreveg «o_KV».
- I føresegnene til gjeldande reguleringsplan er det stilt krav om nærleikeplass før fyrste bueining er ferdigstilt (25 m2 leikeareal per bueining). Tidlege skisser kommunen har fått tilsendt frå tiltakshavar viser at det er tenkt etablert inntil fire stk 4-manns bustader innanfor felt BK2. Ved krav om nærleikeplass vil dette utgjere eit samla areal på inntil 400 m2. Kommunen har valt å fjerne dette kravet, då det kun 75 meter vest for felt BK2 er etablert ein felles leikeplass, «f_L2», med eit areal på rett i underkant av 2500 m2, noko kommunen meiner burde være tilstrekkeleg for å dekkje krav til leikeareal.
- Gjeldande reguleringsplan som vert endra er Torhaugmyra aust, mindre endring 05- vedteken 15. september 2021, planid 1547201901.
Kommunen har vurdert at endringane som er tenkt gjennomført er av ein slik karakter at dei ikkje kjem under krava til mindre endringar. Saka vert derfor fremja som ei ordinær reguleringsendring med melding om oppstart og deretter utlegging til høyring og offentleg ettersyn i minimum seks veker etter krava i plan og bygningslova kapittel 12.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 24. januar 2025, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Friområdet «o_f4» er ett av få friområder i boligfeltet og bør ikke minskes. Området og gangstien blir i dag mye brukt de lokale. Såpass mye at lokale ildsjeler brøyter gangveien for å holde denne åpen også på vinterstid.
Stian GjelsvikOm det er tenkt tilkomst til BK2 gjennom Fossvegen må det på plass trafikksikringstiltak. Som nevnt over er det mange som går tur gjennom gangsti «o_f4» og videre gjennom Fossvegen. Det er også mye trafikk mellom Torhaugmyra og Jendem som går via Fossvegen og tilrettelagt grusvei fra Fossvegen til Furualleen. Fossvegen har ingen gangvei for alle disse myke trafikantene. Med 16 nye leiligheter vil trafikken gjennom Fossvegen øke betydelig og trafikksikkerheten for myke trafikanter minskes betraktelig. Ved flere anledninger blir det observert kjøretøy som holder hastigheter opptil dobbelt av fartsgrensen i Fossvegen. Som beboer er jeg sterkt bekymret for barn og myke trafikanter. Gaten er så smal at det ikke er mulig å møtes 2 biler uten at den ene må rygge til snuplass/kryss.
Ved å legge tilkomst gjennom Trondelvsvegen vil det være kortere distanse fra hovedvei til boligfelt samtidig som trafikken vil gå gjennom en gate med etablert gangvei. Trafikken unngår også kryss og innkjørsler Torhaugvegen, Myrullvegen, Tyttebærvegen og Depelhaugvegen.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.