Drømmestipendet 2016

Vi søkjer kandidatar for Drømmestipendet 2016
100 kulturutøvarar skal i juni få utdelt til saman 1 million kroner. No starter jakta på gode drømmestipendkandidatar i Aukra!
Kvart år delast Drømmestipendet ut til spirande unge kulturutøvarar. I år som i fjor delast det ut 100 stipend på 10 000 kroner. Kulturskolen ved rektor er ansvarleg for å nominere ein eller fleire kandidatar til Drømmestipendet.
Kvar kommune kan nominere ein person eller ei gruppe i følgende kategoriar:
- Dans
- Musikk
- Skapande skriving
- Teater
- Visuell kunst
- Annet
Drømmestipendet 2016 delast ut til kulturutøvarar født i 1996 eller seinare.
Kva er Drømmestipendet?
Drømmestipendet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping som gjennom denne stipendordningen ønskjer å synleggjere kommunenes arbeid for barn og unge. Håpet er at Drømmestipendet skal være ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle draumar til mange unge kulturutøvarar. Målet med stipendordningen og nominasjonen er at mottakerane av stipendet skal få motivasjon til å utvikle seg vidare samt ha ein mulighet til å få oppfyldt sine kulturdraumar.
Ønskjer du å søkje?
Ønskjer du å være Aukra sin Drømmestipendkandidat? Send ein epost til oss på kulturskolen@aukra.kommune.no og fortel oss om deg sjølv, kva som er din draum og kvifor akkurat DU ønskjer å være vår kandidat. Søknaden må være oss i hende innan søndag 21. februar.
Nyttig informasjon for søkerar:
Korleis søkjer eg?
For meir informasjon om drømmestipendet og tidligare mottakere og søkere, gå til drommestipendet.no