Opptak
Musikk, dans, teater og visuelle kunstfag. Om du tykkjer dette er kjekt å halde på med, kan du søke om plass i Aukra kulturskole!
Slik søkjer du
Frist for å søkje om plass i kulturskolen er 15. mars.
Alle må søke om plass, også dei som har plass i kulturskolen inneverande skoleår.
Vi har no gått over til eit nytt administrasjonsprogram for administrasjon av elevar og undervisning. Dette vil forbetre kommunikasjonen mellom kulturskolen, elevane og føresatte.
Nye søkjarar til elevplassar må søkje elektronisk via denne linken: https://NOAUKRA.speedadmin.dk/tilmelding
Er du allereie elev går du til denne sida for informasjon og reregistrering (søknad om vidare elevplass): https://NOAUKRA.speedadmin.dk
Brukarnamn og passord vert sendt ut på epost.
Kulturskolen tek i mot søknader heile året. Etter at hovudopptaket er ferdig, vert det gjort opptak kontinuerleg dersom det vert ledig plass.
Oppseiing av plass
Dersom det er ønskjeleg å seie opp ein kulturskoleplass, må det skje innan 1. juni dersom du ikkje ønskjer plassen du har blitt tilbudt ved hovudopptaket, eller innan 1. desember dersom du ikkje ønskjer å behalde plassen i andre semester. Dersom kulturskolen mottek oppsigelsen etter fristen, må du betale for plassen ut semesteret.