Forskrift om namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Aukra kommune - offentleg høyring
Frist for merknader: 1. februar 2022
Melding om offentleg høyring
Namneutvalet har i sitt møte 25. oktober 2021, sak 2/21, vedteke å leggje ut Forskrift om namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Aukra kommune til høyring og offentleg ettersyn i seks veker.
Bakgrunn
Aukra kommune si gjeldande adresseforskrift vart vedteken av kommunestyret den 29. mars 2012, sak 29/12. Aukra kommune ønskjer no å revidere denne forskrifta slik at den vert betre tilpassa både dagens situasjon og tilrådingane frå Kartverket, som vart oppdatert i juli 2021.
Samstundes er det ønskeleg å gjere tydeleg administrasjonen si oppgåve som adressemynde og namneutvalet si oppgåve som namnemynde.
Merknader
- Merknader til høyringsutkastet skal sendast til kommunen innan 1. februar 2022, og vi ber om at de nytter funksjonen «Send ein uttale til planen».
- Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.
Saksdokument
Særutskrift (saksframlegg med vedtak) |
Høyringsutkast - Forskrift om namnsetting, adressering og adresseforvaltning |
Gjeldande adresseføresegn for Aukra kommune |
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
I forslaget til ny forskrift så er høyden fra bakken på min 2,5 fjernet. Den bør vel bestå. Så er skiltstørrelsen på 150mm beholdt mens bokstavhøyen er økt fra 100mm til 105mm. Skal da alle som har skilt lage nye? Hvorfor øke høyden med 5mm?
Edvin Magne NybøVed navnsetting av et område, bygd eller byggefelt så bør alle som bor i aktuelle område få komme med uttale.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under