Tilbake til aukra.kommune.no

Gjerde/innhegning

Pbl § 20-5 e), jf. SAK10 § 4-1 (1) d nr. 3

Alle desse punkta må vere oppfylte for at fritaket skal gjelde:

  • Maksimal høgde må ikkje vere over 1,5 meter.
  • Konstruksjonen må vere open, enkel og lett.
  • Avstand mellom innhegning og ytre vegkant av kommunal veg (inkludert fortau) er ikkje mindre enn 1 meter.
  • Innhegninga må ikkje hindre sikta i sone for fri sikt mot veg.
  • Innhegninga må ikkje vere i strid med avgjerder i reguleringsplan.
  • Innhegninga vil ikkje innebere flytting av eller etablering av ny avkøyrsel.
  • Gjerdet må ikkje vere i strid med reguleringsplan. Du må i så fall søkje om dispensasjon.

Innhegningar som er unnateke søknadsplikt er typisk enkle, lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel. Dette kan for eksempel vere flettverksgjerde eller andre gjerde som ikkje er tette.

Gjerde mot nabo er normalt ikkje søknadspliktig, med mindre det er i strid med ei avgjerd i reguleringsplanen. Sjølv om gjerde ikkje er søknadspliktig kan det vere privatrettslege avgrensingar som følgjer av grannegjerdelova og grannelova.