Tilbake til aukra.kommune.no

Hybel/sekundærleilegheit

Å gjere om areal til bustadformål
Om arealet opphavleg er avsett til kjellar, kaldtloft, bod, oppbevaring, teknisk rom eller liknande i planteikningar/løyve tyder det at det først må søkjast om bruksendring dersom desse romma skal brukast til bustadformål. Å oppføre nye rom i bustaden vil også alltid vere søknadspliktig.

Byggteknisk forskrift med rettleiing (TEK10) er det fleire krav til rom for varig opphald bl.a. rømningsveg, lys og utsyn, romstorleik og romhøgde, ventilasjon, isolering, radonsikring etc. Blant anna gjeld følgjande:

  • Avstand golv til vindauge maksimum 1 meter (rømming og utsyn),
  • Vindauge minimum 0,6 x 0,5 meter (breidde x høgde), men totalt minst 1,5 meter (rømming)
  • Vindauge minimum 10 % av innvendig golvflate (lys)
  • Romhøgde 2,2-2,4 meter og minimum 7 m2 (romstorleik)

Om godkjente rom skal brukast til utleige vil spørsmålet om søknadsplikt bl.a. avhenge av om ein skal definere det som ein hybel, eller som eit hybelleilegheit-/sekundærleilegheit.

Hybel
Om ein ønskjer å bruke rom til hybelutleige må først og fremst ovannemnde krav i TEK10 vere vareteke. Ein hybel er ikkje ei sjølvstendig bueining og må/skal derfor ha tilgang til resten av bustaden, og kan for eksempel dele kjøkken eller sanitærrom med denne.

Om areala som skal brukast til hybel tidlegare er godkjent for varig opphald vil det ikkje stillast krav om søknad dersom ein vel å bruke romma til hybel. Det som er viktigast i forhold til å kunne kalle det for hybel er at den ikkje er åtskilt frå resten av bustaden innvendig - dvs. at det må finnast opning eller dør innvendig i huset som forbind den med resten av huset.

Å bruke ein del av huset til hybel anten for familie eller for utleige, er ein privatrettsleg affære mellom huseigar og den som skal disponere hybelen. Det blir stilt frå bygningsmaktene sin side berre krav til at areala tidlegare er godkjent for varig opphald og at dei ikkje er åtskilt frå resten av bustaden.

Sekundærleilegheit-/hybelleilegheit
Dette er ei sjølvstendig bueining med eige kjøkken, opphalds-, sove-, sanitærrom og bod. Leilegheita er åtskilt frå resten av bueininga og har ikkje noko innvendig direkte tilgjenge til denne.

I dei fleste område som er regulerte til frittliggjande bustader kan det oppførast ei sekundærleilegheit inntil 80 m2 i tillegg til hovudbustaden, jf. kommuneplanen. Skal du lage nye bueiningar, f.eks. sekundærleilegheit, i bustaden din, må du ta kontakt med eit profesjonelt føretak. Føretaket står ansvarleg for tiltaket og søknaden til kommunen. Dette gjeld også dersom du skal dele opp gjeldande leilegheiter til fleire.

Då sekundærleilegheit er ein eigen bueining blir det stilt i TEK10  ein rekkje krav utover krava nemnde her over som allereie gjeld for rom for varig opphald. Bl.a. er det krav til både innvendig bod (3 m2) og utvendig sportsbu (5 m2). Vidare er det krav til eigen utvendig biloppstillingsplass (18 m2) og krav om eit eige 'brukeleg' uteareal på min. 50 m2 skal tilhøyre bueininga. Kvar bueining må utgjere ei eiga branncelle, dvs. at det skal vere brannsikra mellom bueiningane i golv/vegger/tak, og det må vere tilfredsstillande lydskilje mellom bueiningane. Det må også kunne dokumenterast at radonkrav er vareteke.

Dokumentasjonskrav
Sjå "Slik søkjer du"  for ytterlegare informasjon om sjølve søknadsprosessen.

For dokumentasjonskrav til søknaden gjeld desse krava for sakstypen din:

  • Søknadsskjema Elektronisk via ByggSøk eller papirblankett
  • Gjenpart av nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknader m/kommentarane dine
  • Eventuell søknad om dispensasjon
  • Teikningar i 1:100 av aktuelle fasadar som viser vindauge og terreng
  • Planteikningar i 1:100 (gjeldande og ny, med romstorleik)
  • Snitteikningar i 1:100 (romhøgde, vindaugsstorleikar og plassering)
  • Dokumentasjon på rømningsve, lys 10 %, ventilasjon, isolering, radonsikring
  • Om det ikkje blir søkt om ny sjølvstendig bueining må det klart gå fram av planteikningar at det er tilgjenge til resten av huset.
  • Plan for utomhus som viser biloppstilling, sportsbu og uteareal må innsendast ved søknad om sekundærleilegheit/hybelleilegheit.