Øvetips

Her er nokre tips for korleis du kan øve betre heime
Kva vil det si å øve heime? Korleis går ein fram?
Her kjem nokre tips til å hjelpe deg på vegen.
1. Start med å varme opp. Varm gjerne opp med kjent repertoar, ei lekse du hadde for ei stund tilbake som du kan eller ein skala/etyde.
2. Før du byrjar å spele, tenk gjennom det du skal øve på og kva du skal få til.
3. Lytt på innspelingar (CD, Spotify, Youtube osv.) av det du skal øve på.
4. Øv sakte på stykket og øk gradvis for å få stykket opp i riktig tempo etter kvart.
5. Når du kjem til ein vanskelig stad, stopp opp og øv spesielt på det.
6. Skriv inn kommentarar i notane. Er det noko du lurer på? Skriv det inn i notane, så kan du og læraren din snakke om det på neste time.