Om elevrådet

Tavle med paragrafteikn

Elevrådet er elevane sitt høve til å påverke sin eigen kvardag på ein demokratisk måte. Både mellomsteget og ungdomsteget har sitt eige elevråd, med representantar frå kvar klasse. Dei tar opp sakar som elevane interesserer seg for, og arbeider for at skolemiljøet skal vere positivt for alle elevane.

Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Kvar klasse vel sine elevrådsrepresentantar, ein gut og ei jente, seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Eit medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Elevrådet bidreg til at elevane får delta i demokratiet ved skulen, og arbeider med saker som opptek elevane, til dømes mobilbruk og drikkevatn. Som regel er møtetida til elevrådet fast ein gong i månaden, men ved behov kan det kallast inn til ekstraordinære møter.

 

Elevrådet på ungdomsskolen, skoleåret 2017/2018:

Amalie Løwe - leiar

Vilde Try Sporsheim - nestleiar

Lovise Småge - sekretær

Eirik Bytingsvik

Kenneth Grøttumsbråten Steinshamn

Ivan Leander Breivik Hønsvik

Kontaktperson for elevrådet på ungdomsskolen: Asta Pauline Kjellnes

 

E-post til elevrådet (ungdomstrinnet): elevraadetGBU@aukra.skolene.no