Du er her: Heim/Råd og utval

Råd og utval ved Gossen barne- og ungdomsskole

Bilete av Gossen barne- og ungdomsskole.

Brukarmedverknad i skolen er forankra i Opplæringslova kapittel 11.

Ved Gossen barne- og ungdomsskole har vi følgjande råd og utval, bestemt av Opplæringslova kapittel 11. For fullstendig lovtekst om dei ulike utvala og råda, sjå her.

 

   
  Råd/utval     Oppgåve  

Klasseråd:

Alle elevane i kvar klasse vel to tillitsvalde som skal vere elevrådsrepresentantar.

Elevråd:

Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar og dei skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Eit medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Foreldreråd: 

På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmar.

FAU:

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU). Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Samarbeidsutval: 

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen.
Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Skolemiljøutval:

Kvar grunnskole skal òg ha eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.