Ordensreglar for Gossen barne- og ungdomsskole

Felles ordensreglement for skolane i Aukra vart vedteke av Aukra kommunestyre 13.juni 2013

ORDENSREGLAR FOR GOSSEN BARNE- OG UNGDOMSSKOLE 

Formål:

Arbeidet på skolen skal vere prega av eit konstruktivt samarbeid mellom elevar, foreldre/føresette og tilsette, der elevane lærer å sjå seg sjølve som medansvarlege for eit godt fellesskap der det blir lagt vekt på sentrale verdiar som respekt og toleranse

Elevane sine rettar

  1. Elevane skal ha medverknad på arbeidsmengd, undervisningsopplegg og innhald i vekeplan og årsplan.

  2. Elevane skal ikkje ha heimearbeid til dagar etter søn- og heilagdagar utan etter spesiell avtale med læraren.

  3. Elevane har rett til fortruleg samtale med lærarane sine og leiinga ved skolen.

  4. Fysisk og psykisk krenkjande behandling frå personale eller medelevar skal ikkje nyttast.

  5. Elevane har rett til å forklare seg før det blir teke avgjerd om reaksjonar i samband med brot på ordensreglane.

Elevane sine plikter

  1. Ver høfleg og grei mot alle, også i bussen og på skolevegen.

  2. Møt presis til timane og ta med rett utstyr/bøker. Ingen går ut av timen utan avtale.

  3. Hald det reint og ryddig inne og ute.

  4. Det er ikkje lov å ha med eller bruke snop og sukkerhaldige drikk på skolen utan løyve.

  5. Det er ikkje lov å ha med eller bruke tobakk, snus, dop eller andre rusmiddel på skolen.

  6. Far fint med skolebygg, inventar og skolemateriell og alt som høyrer medelevar til. Eleven/heimen kan bli gjort økonomisk ansvarleg for det som er nemnt her( jfr Lov om skadeerstatning, §1-2).

  7. Når det gjeld datautstyr, gjeld eigne reglar og avtalar.

  8. Elevane kan ikkje forlate skoleområdet i skoletida utan særskild løyve.

  9. Det er forbode å sykle på skoleplassen i skoletida. Ballspel og snøballkasting skal gå føre seg på tilvist plass.

  10. Det er forbode å bruke mobiltelefon og andre elektroniske kommunikasjonsmiddel i skoletida. Mobilane blir låst inn i mobilhotell i starten av skoledagen. Telefonane skal bli utlevert når elevane skal heim.

  11. Det er forbode å ta med seg våpen, knivar eller andre farlege gjenstandar på skolen. Unngå farleg leik.

Tiltak/konsekvensar

  1. Ein elev som bryt ordensreglane skal tilsnakkast, eventuelt fjernast frå situasjonen og kontaktlærar skal varslast. Sjå og det kommunale Ordensreglementet, punkt3.2.1.

  2. Ved gjentekne brot på ordensreglane skal heimen varslast skriftleg eller munnleg. Då skal det også registrerast i Visma flyt.

  3. Elevar som på alvorleg eller grov måte bryt reglane, kan visast bort frå skolen. Reglar for dette i det kommunale Ordensreglementet, punkt 3.2.2.

     

    Reglane vart revidert  22.august 2017 (etter å ha vore til høyring i elevråd, personalet, FAU,SU og SMU)       Heidi Falkhytten(rektor)