Reguleringsplan Flatvoll, gbnr 13/15 - melding om planvedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 11. mai 2023, sak PS-29/23, vedteke reguleringsplan Flatvoll, gbnr 13/15.
Rett til å klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.
Klagefristen er tre veker rekna frå dagen då brevet om planvedtak kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan utløpet av fristen.
I klaga skal det gå fram kva vedtak du klagar på, samt den eller dei endringane som er ønska. Du må også grunngje kvifor du klagar, og ta med eventuelle andre opplysningar som kan telje med når ein skal vurdere klaga. Klaga må være underskriven.
Krav om erstatning/innløysing
Du må setje fram krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.
Kontaktinformasjon
Du kan sende klage/krav om erstatning:
- via eDialog
- per e-post til post@aukra.kommune.no
- per brev til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Saksdokument
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.