Reguleringsplan Nyhamna, endring 01 (ormen Lange Fase 3) - Melding om planvedtak
I medhald av plan og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 18. mars 2021, sak 8/21, vedteke reguleringsplan Nyhamna, endring 01 (Ormen Lange Fase 3).
Saksdokument
Klage
Du kan klage på vedtaket til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI. Klaga skal vere grunngjeven og skal sendast til
- Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.
Krav om erstatning
Du må setje fram krav om erstatting etter plan- og bygningslova § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Du må sende kravet til
- Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 680 Aukra.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Send skjult innspel
Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.