Samarbeid mellom heim og skole
Samarbeidet mellom skole og heim er forankra i Opplæringslova, forskrifter til lova og i Kunnskapsløftet.
Skolen skal støtte heimen i oppfostringa av ein ny generasjon og førebu dei unge på oppgåver dei får i samfunnet. Foreldre og føresatte har hovudansvaret for å følgje opp eigne barn, og må difor ha medansvar i skolen. Det er skolen som pliktar å leggje til rette for at samarbeidet med heimen skjer.
Frå Opplæringslova §1-1:
Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk
og kulturell innsikt og forankring.
Frå Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet:
Skolen og lærebedrifta skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen.
De kan finne meir informasjon om samarbeidet mellom skole og heim på desse linkane: