Tilbake til aukra.kommune.no

Hovudplan for avløp 2022-2027

Vedteken av Aukra kommunestyre i k-sak PS-83/21 den 16. desember 2021

Om planen

Mål nr. 6 av FNs berekraftsmål seier at vi skal sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle. Mangel på ordentlege sanitære forhold aukar sjansen for spreiing av farlege sjukdommar og kan vere skadeleg for miljøet og vasskjeldene våre. Eit godt vassmiljø er viktig også for FNs berekraftsmål nr. 14 (liv under vatn), 15 (liv på land) og 17 (samarbeid for å nå måla). Mål nr. 9 (industri, innovasjon og infrastruktur) er særs viktig til dette føremålet. I Møre og Romsdal fylke har fylkeskommunen og kommunane forplikta seg spesielt til å følge FNs berekraftsmål.

Avløpssystem er ein sentral del av infrastruktur til samfunnet på linje med vassforsyning og avfallshandtering. Avløpsvatn kan både vere sanitært avløpsvatn som er påverka av menneskeskapte prosessar frå hushaldningar, prosessvatn frå industri og vatn frå overflateavrenning (overvatn). Avløpsvatn har eit høgt innehald av næringssalt og organisk materiale, men kan også innehalde eit vidt spekter av annan type forureining avhengig av opphav. Gode avløpsløysingar som avgrensar forureining frå avløpsvatn er viktig for både miljøtilstanden i økosystem og menneska si helse, velvære og moglegheiter for å utnytte vassførekomstar til drikkevatn eller rekreasjon.

Mynde på avløpsområdet etter forureiningslova er fordelt mellom kommune og Statsforvaltaren. Kommunen er forureiningsmynde etter forureiningsforskrifta kap.12, 13, 15 og 15A-4 som omfattar følgande område:

  • spreidd avløp
  • mindre tettbebyggelse
  • oljehaldig avløpsvatn
  • påslepp til kommunalt nett

Føremålet med hovudplan for avløp er å leggje til rette for gode løysingar for oppsamling, transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn i Aukra kommune. Dei langsiktige måla for avløpssektoren skal vurderast opp mot status i dag, og fungere som grunnlag for å fastsette framtidige tiltak.

Dokument

Hovudplan for avløp 2022-2027

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

A_Symbol_gronn_gronn