Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Aukraskogen, endring 01 – melding om oppstart

Frist for merknadar: 25. august 2022.

Oppstartsmelding

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og 12-8, samt Aukra kommune sitt delegeringsreglement punkt 18.10, varslar Aukra kommune at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan for Aukraskogen, endring 01.

Om planarbeidet

Hensikta med planarbeidet er å:

  1. Ruste opp eksisterande driftsveg med større breidde og snuhammar slik at denne vert dimensjonert for tilkomst og snuing av tømmerbil, og tilsvarande tyngre køyretøy.  I gjeldande reguleringsplan for Aukraskogen, vedteken 28.11.2007 er denne vegen vist som turveg, men blir i endringa gjort om til «Køyreveg – sosi-kode 2011» som er meir i samsvar med dagens bruk.
  2. Leggje til rette for gjennomføring av skjøtselstiltak i Aukraskogen slik det er tilrådd i «Oversiktplan, forvaltning og drift av Aukraskogen på Gossen, Aukra kommune (Miljøfaglig Utredning AS, 2019), ved at det vert regulert inn lasteplass for tømmer («Annen veggrunn – sosi-kode 2018).
  3. Eksisterande Automastisk frada kulturminne (gravfelt, kulturminneid 92189) blir vidareført med omsynssone H570, og eksisterande nyare tids kulturminne (Tangen fangeleir, kulturminneid 226606) vert vidareført med omsynssone H730.
  4. Eksisterande stiar i Aukraskogen vert sjekka opp mot stiane slik dei er vist i gjeldande reguleringsplan og vert justert slik at dei vert tilpassa faktisk situasjon.
  5. Alle arealføremåla innanfor planavgrensinga vert oppdatert til ny plan og bygningslov (PBL2008).

Kommunen har vurdert at endringane som er tenkt gjennomført er av ein slik karakter at dei ikkje kjem under krava til mindre endringar, saka vert derfor fremja som ei ordinær reguleringsendring med melding om oppstart og deretter utlegging til høyring og offentleg ettersyn i minimun seks (6) veker etter krava i plan og bygningslova kapittel 12. Kommunen sin sakshandsamar har undersøkt §§ 6, 7, 8 og 10 i forskrift om konsekvensvurderingar, men finn ikkje at det vert utløyst slikt krav.

Merknadar til planarbeidet

Merknadar til planarbeidet skal sendast til kommunen innan 25.08.2022, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen» som du finn nedst i artikkelen.

Alternativt til Aukra kommune – Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Saksdokument

Forvaltningsplan Aukraskogen 2019
Gjeldande reguleringsplan som skal endrast
Lokalisering
Planavgrensing

 

Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Uttale til regulering av Aukraskogen

    Jeg mener at adkomstveien og snuplassen til Skogvegen 4,6,8,10 og 12 bør bli tatt med i reguleringen, slik som vegen til Aukravegen 179,177 og 175.

    Vedlegg 1

    Som tidligere medlem av Aukraskogens venner så synes jeg det er kjempebra at det blir iverksatt vedlikehold,skogrydding og fjerning av gran.

    Tidligere blei det rydda plass rundt bøketrerne øst i skogen, slik at trea får utfolde seg. Jeg mener derfor at lasteplass/snuplass til tømmerbil bør bli bygd lenger sør for å slippe inn lys for å ta hensyn til bøkeskogen.

    Vedlegg 2

    Håper at det blir plantet på nytt med furu.

    Mvh.
    Sigurd Julnes

    2022-08-03 10:15:09
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Aukraskogen

Aukraskogen