Tilbake til aukra.kommune.no
Barn sykler på tursti på Gossen

På sykkel i Aukra

Roktamonumentet
Roktamonumentet

Roktaruta 25,8 km

Vi startar ved fergekaia på Småge og syklar mot Smågevatnet og Røssøyvågen. Ved Smågevatnet er det ein gapahuk som fungerer fint som rasteplass, dersom det er vått i veret og ein vil nyte matpakka under tak. Viss det er av interesse, kan ein gjere avtale på kommunehuset om leige av kanoar med utstyr. Det er flotte turstiar rundt vatnet og fine naturopplevingar for den som tek seg tid til det. Ved Brenslen (33 m.o.h) nord for Smågevatnet, har ein høve til å skrive seg inn ei av turbøkene i Aukra.

Turen går vidare gjennom Røssøyvågen, eit gamalt fiske-ver, kor husa ligg nært sjøen. På denne sida av øya er solnedgangen heilt fantastisk. Vi syklar mot Rød. Her er det ein fin plass å stoppe for den som vil ned til sjøen, og her er det ein rasteplass med toalett og rastebord.

Vi fortsett vidare mot Rindarøya over moloen. Her kan ein ta turen opp til Rokta-monumentet – eit minnesmerke om frakteskuta Rokta som forliste den 4. april 1938. Her er det rasteplass, flott havutsikt og fine forhold til fisking.

Vi rullar vidare på turen mot Løvika, kor det om sommeren er gardsdrift på gardsmuseet Løvikremma. Her kan ein sjå på dyra og kjøpe kaffi og nysteikte vaflar. Vi syklar mot Hauglandet forbi Solem skole og tar snarvegen gjennom byggefeltet Smågetoppen før vi returnerer til fergekaia på Småge.

Nyhamna
Nyhamna

Ormenruta 11,1 km

Vi startar i Bakkemyra ved Statoil. Vi syklar mot Nerbø forbi VARD og fortsett mot Jærnmannburet som er Gossen sitt høgste punkt. Her er det fint å parkere syklane, for så å ta med nistepakka på toppen av Jærmannburet (99 m.o.h). Ein fin tur med eit imponerande utsyn over heile kommunen. Ved foten av høgdepunktet er det rastebord og god sti for både gåande og syklande. Vidare tek vi turen til Eikrem kor det er fint å bade og gode forhold for ein rast. Her er det også restaurert gamle naust som alle kan besøke.

Vi syklar vidare til Nyhamna og det store gass-annlegget som Shell driv på øya. Det fins to fine utkikk-spunkt som er verdt å besøkje: Ørnehaugen (51 m.o.h) og Skarhaugen som er 48 (m.o.h). Ved desse utkikkspunkta er det informasjonstavler og turbøker som ein kan registrere seg i. I tillegg gjev også Korsberget med sine 65 m.o.h eit flott utsyn over både anlegget, Harøyfjorden og Julsundet. Vi syklar Nyland tilbake forbi Riksfjord barnehage, der ein utanom barnehagen si åpningstid kan nytte uteområdet. Vidare tilbake til Bakkemyra der denne turen starta.

To jenter på Horremsleira
Horremsleira

Badestrandruta 20,4 km

Vi startar ved fergekaia på Aukra, og tek til venstre mot Tangen. Vegen startar nedanfor verdens nordlegaste bøkeskog, Aukraskogen. Her er det fine turløyper og gapahuk for den som tek seg tid til ein tur i skogen. Vegen langs denne ruta er fin for sykkelturar, då ein ser sjøen heile vegen. Hjertvika er neste stopp med ei flott badestrand.

Badestranda på Horrem er neste alternativ. Dette er ein fin stad for å bade eller raste i ein flott gapahuk der ein kan ete under tak. Sykkelturen går vidare til Småge, men over mot Smågevatnet og Røssøyvågen. Ved Smågevatnet er det også ein fin rasteplass med gapahuk. Ein kan avtale leige av kanoar med utstyr på kommunehuset i åpningstida. Her er og fine turløyper langs med vatnet og ved Brenslen (33 m.o.h) har ein høve til å skrive seg inn i turboka. I Røssøyvågen, eit gamalt fiskever, ligg husa ved sjøen og ein kan nyte solnedgangen. Vidare sykler ein mot Hauglandet og Riksfjord barnehage der det utanom barnehagen si åpningstid er høve til å nytte seg av uteområdet. Turen går vidare forbi Bakkemyra og Statoil.

Ein syklar om Varhaugvik tilbake til fergekaia. Her kan ein igjen sykle langsmed sjøen og vi nærmar oss Aukra kyrkje med ei stor og flott påskeliljemark. I perioden april/mai blomstrar tusenvis av nydelege påskeliljer her. Den freda marka er eit ynda fotomotiv. Då nærmar vi oss fergekaia. Er ein ikkje kald, fristar det kanskje med ein softis medan ein ventar på ferga?