Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Aukraskogen, endring 01 - Melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 13.04.2023, sak PS-23/23, vedteke reguleringsplan Aukraskogen, endring 01.

Rett til å klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.

Klagefristen er tre veker rekna frå dagen då brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan utløpet av fristen.

I klaga skal det gå fram kva vedtak du klagar på, samt den eller dei endringane som er ønska. Du må også grunngje kvifor du klagar, og ta med eventuelle andre opplysningar som kan telje med når ein skal vurdere klaga. Klaga må være underskriven.

Krav om erstatning/innløysing

Du må setje fram krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Kontaktinformasjon

Du kan sende klage/krav om erstatning:

  • via eDialog
  • per e-post til post@aukra.kommune.no
  • per brev til Aukra kommune, Eining for tekniske tenester, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Plankart, revidert 6. januar 2023
Føresegner, revidert 6. januar 2023
Planomtale, revidert 11. januar 2023
Gjeldande reguleringsplan før endring
Lokalisering
Oversiktsplan, forvaltning og drift av Aukraskogen frå 2019
Byggegrense mot framtidig veganlegg
Restareal som framleis skal gjelde
Prioriterte område for hogst
Kartutsnitt frå matrikkelen som svarar ut merknaden frå innbyggjar
Innkomne merknadar etter andre gongs høyring og offentlege ettersyn

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Dekorativt element