Tilbake til aukra.kommune.no
17. mai på Soltun

Statusoppdatering prosjekt Kulturhus og basseng per april 2019

Den 16. mai 2019 har entreprenørane innleveringsfrist i pris og designkonkurransen. Sjølv om du ikkje har høyrt så mykje om prosjektet den seinare tid er det mykje arbeid som er gjort i samband med få på plass konkurransegrunnlaget. Arbeidet med å lage ei driftsplan er også godt i gang.  Før sommaren skal juryen, prosjektleiing, og brukarar kåre vinnaren; nærare bestemt, måndag 20. mai – fredag 21. juni. Deretter kjem det ei periode med samspel.

I presentasjon lagt fram for kommunestyret den 23. april, finn du meir informasjon om framdrifta i prosjektet.

For å hente inspirasjon og lære av kva andre har lykkast med, har vi besøkt fleire kulturhus og basseng. Vi har ei målsetting om at Aukra kulturhus og basseng skal vere ein kulturell og sosial samlingsstad for alle innbyggarar i Aukra, men også for besøkande som kjem til kommunen vår. Vi ønskjer å gi ei oppleving av å høyre heime i anlegget og legge til rette for ein aktiv bruk av huset. Kulturhuset skal vere godt egna for fleirbruk og samlokalisering. Samlokalisering vil forsterke kvart enkelt aktivitetsområde, samtidig som det gir publikum og brukarar enklare tilgjenge. Vi har mellom anna vore på besøk på Kolben Kulturhus og i Gilleleje Kulturhavn. Begge desse driv i nært samarbeid med dei frivillige i kommunen. Les meir om besøket på Kolben Kulturhus og Gilleleje Kulturhavn.