Tilbake til aukra.kommune.no

Kulturplan Aukra kommune 2021-2024 - offentleg høyring

Høyringsfrist: 18. oktober 2020

Offentleg høyring

Kulturplan for Aukra kommune 2017-2020 vart vedteken i k-sak 109/16 den 13. desember 2016. Planen skal no rullerast for ei ny planperiode, 2021-2024. I den samanheng inviterer vi alle lag og organisasjonar, og andre til å kome med innspel.

Vi står framfor ei stor endring for kulturlivet i Aukra når det nye kulturhuset står ferdig i 2022. Ved neste rullering blir det derfor lagt opp til ein breiare gjennomgang og involvering i arbeidet.

Føremålet med planen

Kulturplanen skal vere eit styringsdokument for Aukra kommune sitt engasjement på kulturfeltet og gjelde for politikarar, administrasjon og det frivillige kulturlivet. Den skal synleggjere kulturlivet i kommunen, aktivitetsnivå og rammevilkår, peike på behov og utfordringar, samt tydeleggjere fordeling av oppgåver og ansvar.

Kulturplanen gir oss eit reiskap til å halde stø kurs, ha oversikt og prioritere både i forhold til aktiviteten i kommunen og kring oss.

Aukra har eit rikt frivillig kulturliv, - med lag org organisasjonar innanfor svært mange interessefelt. Kulturplanen skal vere eit reiskap for eit målretta samarbeid mellom kommunen sine kulturaktørar.

  1. Planen inneheld strategiar for korleis vi skal arbeide med prioriterte satsingsområde.
  2. Den peikar på historia og identiteten vår, samtidig som den fokuserer på vårt utviklingspotensiale, trekker inn føringar frå fylke og nasjonalt, samt viser openheit for den tid vi lever i.
  3. Måla i perioden planen gjeld for er både realistiske og noko å strekke seg etter.

Merknader til planforslag

Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 18. oktober 2020, og vi ber om at du nyttar funksjonen "Send ein uttale til planen", der du og kan laste opp vedlegg.

Saksdokument

Kulturplan for Aukra kommune 2017-2020

Handlingsprogram, rullert 19. desember 2019


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Vedlagt høringssvar angående NMK Aukra Motocrossbane

    2020-10-18 15:56:12
    [Svar]
  • Gjelder turstier på Hollingen

    2020-10-16 09:49:00
    [Svar]
  • Vedlagt høringssvar nummer 5 fra Gossen Idrettslag. Omhandler behov for fokus på holdningsskapende arbeid for å sikre trygge rammer for barn i kulturaktiviteter.

    2020-10-16 09:13:13
    [Svar]
  • Vedlagt høringssvar 4 fra Gossen Idrettslag. Omhandler våre tanker om behov for en større og mer fremtidsrettet revisjon av Kulturplan

    2020-10-16 09:10:39
    [Svar]
  • Vedlagt høringssvar 3 fra Gossen idrettslag. Omhandler behov for midler til miljøtiltak på granulat på Riksfjord kunstgressbane

    2020-10-16 09:08:12
    [Svar]
  • Vedlagt høringssvar 2 fra Gossen Idrettslag. Omhandler midler til renovering og oppgradering av Aukrahallen. Prosjekt Aukrahall 2023

    2020-10-16 09:04:52
    [Svar]
  • Vedlagt høringssvar 1 fra Gossen idrettslag. I dette høringssvar har vi kommentert generelle punkter i varsling og innhold

    2020-10-16 09:01:08
    [Svar]
  • Viser til innsendt dokumenter over Løvik kystfort

    2020-09-22 08:19:06
    [Svar]
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete kulturplan

Bilete kulturplan