Tilbake til aukra.kommune.no
Frist for merknader: 21. april 2024

Kulturplan Aukra kommune 2024-2027

Offentleg høyring

Kulturplan Aukra kommune 2024-2027 vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 20. mars 2024 til 21. april 2024.

Kulturplanen skal vere eit verktøy som blir brukt både politisk og administrativt for vidare utvikling av kulturfeltet i Aukra. Den skal vere retningsgjevande ved prioritering av mål og tiltak.

Kulturplanen bygger på prioriterte satsingsfelt som er vedtekne i gjeldande samfunnsdel av kommuneplan for Aukra. Andre kommunale planer som Barne- og ungdomsplan, Kulturmiljøplan, Omsorgsplan og Kommuneplanen sin arealdel, har også innverknad på korleis vi skal prioritere satsingane innafor kulturfeltet. Regionale og nasjonale føringar i planer og lovverk ligg også til grunn. 

Kulturplanen er avgrensa og handlingsretta. Han går ikkje i djupna på alle felt som ligg under kulturområdet, men fokuserer på dei områda som utgjer grunnlaget for kultursatsinga i kommande planperiode i Aukra.

Layouten på kulturplanen vil bli endra og ferdigstilt når den er vedtatt.

Merknader til planforslaget

  • Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 21. april 2024, og vi ber om at de nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen».
  • Det er òg mogleg å laste opp vedlegg.
  • Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen.

Saksdokument


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • Avsnittet 3.7 bør deles i to, der Velforeninger/Grendalag får eget avsnitt 3.8.
    Den gode teksten som framhever betydningen av aktive velforeningers betydning som kultur-skaper i 3 avsnitt side 22 beholdes.

    I tillegg bør det settes opp en tabell med Satsningsmål, Mål, Tiltak og Når, på samme måte som under andre viktige satsings-områder

    Forelår følgende:

    Satsingsmål
    - Aktive velforeninger

    Mål:
    Aktive velforeninger i alle grendelag

    Tiltak:
    - Mobilisere og heie fram lokale ildsjeler
    - Forankring i kommuneplanen
    - Støttende økonomiske rammevilkår til tiltak
    - Opplæring av ildsjelene.
    - Gjensidig framsnakking og samhandling mellom grendene. (Koordinering via frivillig-sentralen)

    Når:
    . 2024 og kontinuerlig i planperioden


    For Aukra pensjonistlag

    Ole Rakvåg

    2024-04-20 22:10:55
    [Svar]  Link
  • Vedlegg til uttale frå Aukra Sokne- og Fellesråd

    2024-04-20 15:42:22
    [Svar]  Link
  • Uttalen er gitt på vegne av Aukra Sokne- og Fellesråd:
    Kyrkja som ein av dei sentrale kulturberarane i Aukra kommune er ikkje nevnt i kulturplanen. Det må settast av eit kapittel i Kulturplanen slik det er vanleg i planar for andre kommuner. Dette er viktig for å synleggjere kyrkjeleg kulturarv og kyrkjelege kulturarktivitetar, samt å sikre gode samhandlingsmål og tiltak mellom kommuna og kyrkja for å oppretthalde og utvikle kyrkja som ein aktiv og inkluderande kulturarena.
    Vedlagt ligg forslag til underkapittel som kan takast inn i kulturplanen under Kapittel 4. Vedlegget er i pdf-format. Ta kontakt for å få dette oversendt i word-format.

    2024-04-20 15:32:49
    [Svar]  Link
  • INNSPILL 6.
    GENERELLE INNSPILL TIL PLANEN OG PLANARBEIDET
    Se vedlegg

    2024-04-16 20:36:54
    [Svar]  Link
  • INNSPILL 5.
    INNSPILL TIL SATSINGOMRÅDE I KAP.3.3 IDRETTSANLEGG OG NÆRMILJØANLEGG
    Se vedlegg

    2024-04-16 20:35:59
    [Svar]  Link
  • INNSPILL 4.
    INNSPILL TIL KAP.3.3 IDRETTSANLEGG OG NÆRMILJØANLEGG
    Se vedlegg

    2024-04-16 20:34:33
    [Svar]  Link
  • INNSPILL 3.
    INNSPILL TIL KAP.3.2 IDRETTSAKTIVITET
    Se vedlegg

    2024-04-16 20:33:29
    [Svar]  Link
  • INNSPILL 2.
    INNSPILL TIL KAP.3.1 IDRETT
    Se vedlegg

    2024-04-16 20:31:42
    [Svar]  Link
  • Vennlegst sjå vedlagt fil.

    2024-04-16 14:42:16
    [Svar]  Link
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete viser eit elevarbeid frå Aukra kulturskole, inspirert av Vincent van Gogh sitt bilete Kornåker