Privat reguleringsplan Blå Horisont Hjertvika - Melding om oppstart
Oppstartsmelding
I henhold til plan- og bygningslova § 12-8 varslar Arkitektene bbw AS om oppstart av detaljregulering for Blå Horisont Hjertvika på Gossen i Aukra kommune.
Detaljreguleringa omfattar delar av gnr. 2, bnr. 11. Eigedommane gnr. 2, bnr. 14, 50, 59, 62, 72 og 79 inngår også, heilt eller delvis, i planområdet for å få ei samanhengande og hensiktsmessig planavgrensing. Desse eigedommane vert regulert i tråd med dagens bruk.
Føremålet med planarbeidet
Innanfor delområde 1 er føremålet å legge til rette for fritidsbustader på delen av eigedommen som inngår i felt H9 i kommuneplanen sin arealdel. Det er ønskeleg å regulere delar av det til fritids- og turistføremål, for å ha større fleksibilitet i utbygginga og kunne tilby utleige for reiselivsnæringa. Det er planlagt også å regulere eit mindre areal, inntil felt SB11 i kommuneplanen sin arealdel, til fritids- og turistføremål.
Innanfor eigedom gnr. 2, bnr. 11 på delområde 2 er det ønskeleg å legge til rette for ny bustadbygging på ein del av felt LNFS10 i kommuneplanen sin arealdel som er avsatt til spreidd bustadbygging.
Merknader til planforslaget
- Merknader til planforslaget sendast til Arkitektene bbw AS, Fabrikkvegen 13, 6415 Molde eller e-post post@bbw.no
- Kopi sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller e-post post@aukra.kommune.no
- Frist for merknader er 10. juni 2024
- Saksdokumenta finn du nedst i denne artikkelen
Saksdokument
- Oppstartsvarsel
- Referat frå oppstartsmøte
- Planinitiativ
- Vurdering av krav konsekvensutredning
- Vurdering av områdestabilitet
- Foreløpig sjekkliste for ROS
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.