Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Ingeborgs veg 1-25 - melding om planvedtak

I medhald av plan og bygningslova § 12-12 og 12-14, har Aukra kommunestyre i møte den 27.08.2019, sak 57/19, vedteke preguleringsplan Ingeborgs veg 1-25.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)
Føresegner revidert 23. mai 2019
Innkomne merknader etter avgrensa høyring
Plankart frå opphavleg plan før endring
Plankart revidert 23. mai 2019

Klage

Du kan klage på vedtaket til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI. Klaga skal vere grunngjeven og må sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Krav om erstatning

Du må setje fram krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i same lov seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Du må sende kravet til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Bilete Ingeborgs veg