Søknad frå MOWI Norway om løyve til å utvide akvakulturanlegg på lokalitet 12239 Kråknes i Aukra kommune - offentleg høyring
Frist for merknader: 8. august 2021
Søknadsprosess
Aukra kommune har mottatt ein søknad om løyve til å utvide anlegg for oppdrett av matfisk ved Kråknes i Aukra kommune.
- Etter akvakulturlova skal fylkeskommunane handsame og godkjenne slike søknadar.
- Kommunane si rolle, etter same lov, er å annonsere tiltaka og å gje ein uttale i høve kommunen sitt arealforvaltingsansvar etter plan- og bygningslova, og elles om tilhøve kommunen meiner er aktuelle når løyve skal gjevast.
- Kommunen sender sitt høyringssvar til fylkeskommunen.
- Fylkeskommunen samlar alle uttaler til saka og gjer vedtak.
Merknader til søknaden
- Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 8. august 2021, og vi ber om at du nyttar funksjonen «Send ein uttale til planen»,
- Det er muleg å laste opp vedlegg.
- Saksdokument finn du nedst i artikkelen.
Saksdokument
Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.
Uttale til saka
Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?
Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under